Eva Balke-samlinga

Barnehagenpioneren Eva Balke (1921-2002) har gjennom sitt virke samla og tatt vare på barnehagefagleg litteratur. Samlinga inneheld fagbøker frå både inn- og utland med stor historisk verdi for barnehagefeltet.

Eva Balke sin samling er unik. 

Samlinga består mellom anna av eldre tekstar frå Tyskland frå den gong Balke forska på Friedrich Fröbel, filosofen og grunnleggaren av den fyrste barnehagen i Tyskland.

Fröbel reknast som barnehagens far og la også grunnlaget for den norske barnehagen. Han la mellom anna vekt på barnet sin eigenverdi, naturen, dei estetiske faga og leiken i sine pedagogiske og filosofiske tekster.

Bøker frå Eva Balke-samlinga

Foto: Pia Lang-Holmen

I tillegg til litteratur frå andre, inneheld samlinga og bøker og tekstar skrive av Balke sjølv. 

Hennar bok "Barnehagen. En innføring i praktisk førskolepedagogikk frå 1976" finst i fleire eksemplar i samlinga og ein sentral av grunnbok for generasjonar av barnehagelærarar.

I samlinga finst også "Småbarnspedagogikkens historie" skrive av Balke i 1995.

Tre bøker skrevne av Eva Balke

Foto: Pia Lang-Holmen

Det mest verdifulle er likevel Balke sine eigne notat og dokumentasjon av arbeidet ho har gjort: 

Samlinga har stor verdi og gjer eit viktig historisk innblikk i barnehagelærarutdanninga si utvikling.

Meir om Eva Balke

Eva Balke (1921-2002) var en pioner innan barnehagebevegelsen, ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt. Ho har vore – og er framleis – eit forbilde for generasjonar av barnehagelærarar i inn- og utland. I 1995 mottok Balke Kongen sin fortenestemedalje i gull for si innsats for små barn sin oppvekst.

Barnet stod i sentrum for Eva Balke sitt liv som småbarnspedagog, barnehagelærar, forfattar, barnehagelærarutdannar, rektor og verdspresident for i Verdsorganisasjonen for små barn sin oppvekst og danning (OMEP).

Gjennom sitt virke har ho hatt innflytelse på barnehagen sitt innhald, på utdanninga, på barnehagelæraren sine arbeidsvilkår og barnehagelæraryrket sin status. Som verdspresident i OMEP har ho hatt innverknad på barnehagebevegelsen langt ut over Noreg sine grenser.

Eva Balke var alltid på søken etter ny kunnskap, nysgjerrig på andre sitt arbeid og på korleis barnehagelærarar utanfor eigen landegrense tenkte og praktiserte.

Eva Balke var mellom anna rektor ved Barnevernsakademiet i Oslo i perioden 1966-1983 og var initiativtakar til å få etablert hovudfagsstudie i barnehagepedagogikk. 

Ho hald fram å gje ut bøker og artiklar om barnehagen og barnehagen sin historie også etter at ho gjekk av med pensjon i 1991. Eva Balke døde i 2002, 81 år gamal.

Sjå filmen "Eva Balke - førskoleutdanningens utvikling" (film.oslomet.no)

Kontakt

Laster inn ...