Leikesamlinga

I leikesamlinga finn du 2500 gjenstandar. Dette er ei historisk samling som starta i 1975, og samlinga kan man sjå rundt omkring på OsloMet Campus Pilestredet.

Leikesamlinga er ein viktig del av Institutt for barnehagelærarutdanning sin identitet og formidlar eit viktig historisk innblikk i leiker gjennom tidene. 

Samlinga er utstilt rundt om på Campus Pilestredet: 

I samlinga finn du både meir klassisk leiketøy som treleiker, klossar, putteboksar, sorteringsmateriell, Montessori-materiell og Turid Balke si eigen Balkeby.

Frå leiker for å lære til leiker for å leike

Mykje av det eldste materiellet er laga ut frå ein pedagogisk idé om læring gjennom bruk av materiell. Her var den pedagogiske idéen at leiketøyet skulle ha ein læringseffekt retta mot bestemte læringsmål.

Dei nyare delane av denne samlinga består av leiker som i større grad er å finne rundt om i heimar og i barnehagar i Noreg. Det bygger i større grad på ein pedagogisk idé om at læring oppstår naturleg i leik med leiketøy utan fokus på at leiketøyet har ein bestemt hensikt om kva som skal lærast.

Leiker for å lære

Foto: Iselin Dagsdotter

Leikesamlinga har spelt ein viktig rolle som undervisningsmateriell og har hatt stor verdi i barnehagelærarutdanninga gjennom tidene. Samlinga har vore brukt både i undervisinga på barnehagelærarutdanninga og i gruppearbeid som dreidde seg om barn sin leik og i praksis. Ho har hatt stor verdi både praktisk og teoretisk.

Balkeby

Turid Balke blei fødd 25.07.1921 i Kirkenes og døde i Oslo i 2000. Ho var skodespelar, regissør, scenograf og barnebokforfattar og var utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole.

Ho hadde også utdanning frå Statens handverks- og kunstindustriskole og både måla og laga fargerike treleiker, som små hus og figurar i det ho kalla «Balkeby», inspirert av hennar barndom i Kirkenes i 1930-åra.

Foto: Iselin Dagsdotter

Meir om leikesamlinga si historie

I 1975 starta formingspedagog Gudrun “Gogo” Brim Hilt å samle leiker som vart brukt i undervisninga ved barnehagelærarutdanninga. Ho arbeidde ved Barnevernsakademiet, som seinare vart til dagens barnehagelærarutdanning ved OsloMet.

Då bestod samlinga hovudsakleg av meir klassisk leiketøy med fokus på treleiker som klossar, putteboksar, sorteringsmateriell og pedagogisk materiell som Montessori-materiell. Materiellet var laga ut frå ein pedagogisk idé om at leiketøyet skulle ha ein læringseffekt knytt til bestemte læringsmål. Barn skulle lære gjennom bruk av materialet.

For arbeidet med samlinga vart Gogo Hilt i 1982 heidra med leikeprisen frå Verdsorganisasjonen for små barn sin oppvekst og danning (OMEP).

Då Gogo Hilt gjekk av med pensjon i 1985, overtok Nanna Due arbeidet med samlinga.

Leiker for leikens skuld

Due utvida samlinga med leiker som ein også finn rundt om i heimar og i barnehagar i Noreg. Ho var oppteke av korleis barn sin læring oppstår naturleg i leik med leiketøy utan fokus på at leiketøyet har eit bestemt mål for kva som skal lærast.

Samlinga blei utvida med gjenstandar og materiale frå forskjellige kulturar med det mål for auge at barn med ulik bakgrunn går i barnehagen og at barnehagen dermed treng å ta opp i seg fleire kulturar sitt leikemateriale.

Det er fleire fagtekstar som er skrive om leikesamlinga. Mellom anna trekk Eva Balke spesielt fram leikesamlinga si historiske og kulturelle verdi.

Ei samling for å ta med seg ut i praksis

Formålet med samlinga var å ha materiell tilgjengeleg for barnehagelærarstudentar då dei var ute på praksis i barnehagane. På den måten kunne studentane utforske barn sin bruk av leikemateriale.

Nanna Due var oppteke av at studentane gjennom eit aktivt forhold til leikene og korleis dei stimulerte til samspel og lærelyst kunne få eit syn på leikene som læremiddel i tillegg til at leikene stimulerte til moro, aktivitet og refleksjon.

På denne måta har også barnehagane fått nyte godt av leikesamlinga gjennom å få erfaring med nytt materiell og eit tilskot til sitt pedagogiske materiell medan studentane har vore i praksis.

I tillegg har leikene i samlinga fungert som undervisningsmateriell i undervisinga og i studentarbeid som dreidde seg om barn sin leik. Dermed har den også hatt stor verdi i barnehagelærarutdanninga gjennom tidene, både praktisk og teoretisk.

I 2018 blei den historiske verdien også anerkjent av styret i Norsk Foreining til fremme av forsorg for barn (NFFB) då dei innvilga 190.000,- til samlinga.

Turid Balke og Balkeby

Balkeby i Pilestredet 48

Dagens utstilling av «Balkeby» i Pilestredet 48 blei skapt i 2020 av Knut Olav Kristensen og Christian Fjeldbu frå Institutt for barnehagelærarutdanning.

Turid Balke skapte ei eiga lita bygning av det som då vart kalla Barnevernsakademiet som står sentralt i utstillinga vår. I vindauget kan ein sjå at ein sentral dei av utdanninga av barnehagepedagogar er dokketeater.

I eit intervju i 1977 fortel Turid Balke korleis ideen til «Balkeby» oppstod: 

"Det første huset i den første Balkebyen ble til for lenge siden. På Eiksmarka etter en tur med tre nevøer og besøk på en byggeplass hvor de fant noen plankebiter. Vel hjemme igjen malte Turid Balke på dem. Efter det hadde hun aldri problemer med hva hun skulle gi familiens yngste og andre små venner.

Balkebyen økte i antall og i dag leverer hun fast til brukskunstens Forum og Riktige Leker. I kjelleren har hun et lite verksted hvor husene, trærne og båtene sages til. Så pusser hun dem, tegner, maler og lakkerer. En snekker i Mandal dreier ut innbyggerne, men de kles og friseres i Turid Balkes arbeidsværelse."

Kjelde: A-magasinet

Barneteater og barnebokforfattar

Turid Balke var leiar for Scene 7s (Club 7) barneteatertilbod saman med Pernille Anker frå 1972 til 1974. Frå 1976 til 1981 turnerte ho med sitt eige Filiokusteatret med eigenproduserte stykke for barn.

Turid Balke var også barnebokforfattar og gav ut boka; «Det begynte ein dag i Finvik» i 1974. Historia forgår i det som liknar mykje på kulissane til «Balkeby».  

Utdrag av forsida til boka Det begynte en fredag i Finvik av Turid Balke

Frå teksta på baksida av boka, finn vi:

«Torsdag var alt som det skulle være i Finvk. Men fredag begynte det å skje merkelige ting. Først ble det stjålet en flott kake fra bakermesterens butikk. Som om det ikke var nok, forsvant bikkja til smeden under like mystiske omstendigheter. Dernest ble byen skaket opp av frukt- og pølsetyverier. Hele Finvik står på ende.»

Ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris for teikningane i boka.

Slik havna et lite stykke Balkeby på OsloMet

Barnevernsakademiet, det som blei til dagens barnehagelærarutdanning, hadde aksjar i firmaet Rette leikar, ein leikebutikk som starta opp etter krigen for å lage gode leikar til barn. Butikken selde Balkeby-bygningane, -figurane og -båtane. Barnevernsakademiet valde å kjøpe inn ein del av desse for å ha i utstillinga på leikesamlinga.

Kontakt

Laster inn ...