Unni Bleken-samlinga

Unni Bleken (1929 – 2023) var opptatt av barnehagefagleg litteratur og opparbeida seg eit stort fagbibliotek som ho donerte til barnehagelærarutdanninga ved OsloMet.

Unni Bleken (1929-2023) var opptatt av at bøkene i fagbiblioteket ho opparbeida seg gjennom sitt omfattande barnehagefaglege liv, skulle komme andre til gode. Difor donerte ho hele samlinga til barnehagelærarutdanninga ved OsloMet før ho døde.

Bøker frå Unni Bleken-samlinga

Foto: Pia Lang-Holmen

I samlinga finn vi rundt 400 bøker, hefter, rapporter og handskrivne notat frå heile Bleken sitt liv som barnehagelærar, barnehagelærarutdannar, fagforeiningsleiar og rektor ved Barnevernsakademiet.

Samlinga inneheld mange av Bleken sine egne tekster, som lesarbrev, kronikker, foredrag og undervisningsmateriale og viser Bleken sitt enorme samfunnsengasjement på vegne av barnehagen gjennom eit langt liv.

Samlinga inneheld i tillegg eit stort fagbibliotek med fagbøker frå inn- og utland – dei fleste av dei med understrekingar og Bleken sine kommentarar i margen. Desse bøkene stod ikkje berre til pynt, dei blei gjennomstudert. No er dei tilgjengeleg for alle som kjem etter ho.

Meir om Unni Bleken

Unni Bleken (1929 – 2023) var den tredje og siste rektoren på Barnevernsakademiet i Oslo. Ho gjekk av med pensjon då Barnevernsakademiet blei en del av Høgskolen i Oslo, som seinare blei til OsloMet – storbyuniversitetet.

Med sin solide faglege bakgrunn, kunnskapar og kompetanse som barnehagelærar, barnehagelærarutdannar, rektor og fagforeiningsleiar, har ho vært eit fyrtårn og ein bauta i barnehagebevegelsen i Noreg.

Unni Bleken var opptatt av at barnehagelærarane må ha kunnskap, dømmekraft og handlekraft. Ho var ei ivrig talskvinne for barna sine rettigheiter og var ikkje villig til å fire på noko når det gjaldt krav til gode barnehagar for barna. Slagordet hennar var «Vi gir oss aldri, og ikkje då heller».

For sin innsats for barnehagen fekk Unni Bleken i 2007 Kongen sin fortenestmedalje i gull.

Sjå filmen "Bleken om høyskolesammenslåingen i 1994" (film.oslomet.no)

Kontakt

Laster inn ...