Kristin Danielsen Wolf er fødd i Trondheim, og vaks opp i Oslo. No bur ho på Reistad i Lier.
Ho er utdanna førskulelærar frå det som då vart kalla Barnevernsakademiet i Oslo, og jobba i mange år som pedagogisk leiar i barnehage, og etter kvart også som lærar i småskolen. Seinare tok ho studiet «Teater for barn», deretter hovudfag i barnehagepedagogikk og i 2020 tok ho ein doktorgrad ved OsloMet knyta til Goban-prosjektet (Gode barnehagar for barn i Noreg).
Kristin har jobba i universitets- og høgskulesektoren sida 2008. Fyrst med undervising og forsking ved barnehagelærarutdanninga ved OsloMet og mellom februar 2020 og august 2023 verkte ho i åremålet som visedekan for barnehagelærarutdanninga på Universitetet i Søraust-Noreg.
Kvifor likar du jobben som instituttleiar ved Institutt for barnehagelærarutdanning?
– Eg har eit stort engasjement for barn sitt kvardagsliv i barnehagen, og dermed også for barnehagelærarutdanninga. Eg tenker då på sjølve utdanninga, på praksisbarnehagane som bidrar til utdanning av framtidas barnehagelærarar, vidareutdanningane vi tilbyr dei tilsette i barnehagane, og all forskinga som bidreg til forskingsbasert kunnskap på området.
Kva motiverer deg i jobben din?
– Å bli kjent med kollegaer i fagseksjonane på instituttet og på fakultetet. Og å jobbe saman med fag- og forskarmiljøa og praksisfeltet om utdanningane som skal gjere barnehagelæraren til den beste barnehagelæraren, som skal ut og verke til det beste for barn, både no og i framtida. Også det å sjå på kva måte forskrifta i rammeplanen for barnehagen påverkar utdanninga er spanande.
– Det kanskje aller viktigaste vi jobbar for no er å synleggjere utdanninga og profesjonen, slik at vi kan få til god rekruttering av framtidige studentar til barnehagelærarutdanninga ved OsloMet.
Har du ein «fun fact» om deg sjølv som mange ikkje veit?
– Eg arbeidde i to år på arkitektkontor og trudde eg skulle bli arkitekt, men blei heldigvis barnehagelærar.