Vibeke Bjarnø har jobba ved lærarutdanninga ved OsloMet i 27 år, først med undervisning og forskning, deretter som studieleiar frå 2011, og som instituttleiar sida 2019.
Vibeke har vakse opp på Stovner i Oslo. Ho er utdanna sosiolog og har også tatt praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og grunnfag i kriminologi og statsvitskap. I tillegg har ho vidareutdanning i IKT og læring, som er området ho i dag har førstestillingskompetanse på.
Kvifor likar du jobben som instituttleiar ved institutt for grunnskule- og faglærarutdanning?
– Eg har ei stor motivasjon lærarutdanninga. Eg ønskjer at OsloMet skal ha ein leiande posisjon i utdanning av lærarar gjennom å rigge for best mogleg utdanning og forsking til det beste for framtidas elevar.
– Instituttet har nådd mange og viktige mål dei siste åra, som å få på plass dei femårige grunnskulelærarutdanningane med solid og forskingsbasert undervising. Vi er i avslutningsfasen med fleire store forskings- og utviklingsprosjekt, og nye startar opp. Til dømes satsar vi på å leie an arbeidet med å bygge ein nasjonal forskingsinfrastruktur.
– Det går føre seg mykje spanande, og institutt for grunnskule- og faglærar saman med Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar har store utviklingsmoglegheiter. Det skjer store endringar innanfor sektoren. Det er mykje som gir inspirasjon til å stå på kvar dag.
– For meg personleg er det også av stor betydning at personalet på instituttet og leiargruppa er ein fantastisk gjeng med et brennande engasjement for at vi saman skal lykkast med samfunnsmandatet. Instituttet er eit mangfaldig og raust arbeidsmiljø som det gir stor glede å leie.
Har du en «fun fact» om deg sjølv som mange ikkje vet?
– De gongane det er mogleg, elskar eg å vere på stranda og bade utan å gjere noko som helst anna fornuftig, eg har ikkje ein gong med meg ei bok.