NAFO arbeider for at fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv blir varetatte i heile utdanningsløpet – frå barnehage til høgare utdanning. Senteret driv eit landsdekkande arbeid for å fremme god og tilpassa opplæring for minoritetsspråklege barn, unge og vaksne, i inkluderande og fleirkulturelle læringsfellesskap.
NAFO har si eige nettside (nafo.oslomet.no)
Ein viktig del av senterverksemda er utvikling og formidling av fleirspråklege læringsressursar. NAFO driftar desse nettstadene:
NAFO er ansvarleg for prosjektet Fleksibel opplæring (nafo.oslomet.no), som gir minoritetsspråklege elevar ulike stader i Noreg høve til å få tospråkleg opplæring i fag på arabisk, somali, tigrinja og ukrainsk.
Fag- og forskingsformidling og bistand til praksisfeltet står sentralt i NAFOs arbeid. Vi held kurs, arrangerer konferansar og gir rettleiing til barnehagemyndigheiter, skoleeigarar og tilsette i barnehage, skole, vaksenopplæring og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
NAFO driv fleire nettverk:
NAFO får oppdrag direkte frå Kunnskapsdepartementet. Vi samarbeider tett med dei andre nasjonale sentera i Noreg, Utdanningsdirektoratet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å vareta mangfald og fleirkulturell opplæring.