Praksisutval ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium

Det er praksisutval på alle institutt ved fakultetet. Arbeid i praksisutval skal til kvar tid vere forankra i Forskrift om studium og eksamen ved OsloMet, kapittel 5. Praksis, §§ 5-1 – 5-3.

Medlemmer

Praksisutval ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU) 2023-2024

Instituttleiar    

UF-representant    

Praksislærar    

Student    

Praksisutval ved Institutt for internasjonale studium og tolkeutdanning (IST) 2023-2024

Instituttleiar    

UF-representant    

Praksisrettleiar

Student    

Praksisutval ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning (YLU) 2023-2024

Instituttleiar    

UF-representant    

Praksislærar    

Student    

Praksisutvalg ved Institutt for barnehagelærarutdanning (BLU) 2023-2024

Instituttleiar 

UF-representant    

Praksislærar

Student    

  • Mandat for praksisutval

    Arbeid i praksisutval skal til kvar tid vera forankra i Forskrift om studium og eksamen ved OsloMet, kapittel 5. Praksis, §§ 5-1 – 5-3, sjå vedlegg.  

    1. Oppgåver

    Praksisutval ved LUI har følgjande oppgåve i tråd med forskriftas §5-3-3 Ikkje bestått praksisstudiar:

    "Dersom det finst ei fagleg vurdering med karakteren «ikkje bestått», kan eit utval oppnemnt av fakultetet stadfesta eller annuller karakteren».

    Utvalet skal sikre at prosedyrane beskrive i §§ 5-1 – 5-2 i forskrifta er følgd i saker som er til behandling.

    Praksisutvalet kan stadfesta «ikkje bestått» sjølv om prosedyrane ikkje er følgde. 

    Utvalet må halda møte seinast tre veker etter siste, gjennomførte praksisdag. 

    2. Samansetting og oppnemning

    Praksisutval på LUI skal ha følgjande samansetting:

    • Instituttleiar (leiar)
    • Ein UF-tilsett
    • Ein praksislærar
    • Ein studentrepresentant

    Alle medlemmer i praksisutval skal ha minimum ein personleg vara. 

    Praksisutval skal vareta rettane til studentane. Personar som gjennomfører den faglege vurderinga, kan derfor ikkje vera medlem. 

    Dekan opprettar praksisutval og utnemner eksterne representantar og UF-tilsette på bakgrunn av utpeikinga til instituttleiarane. Studentane vel representantar for minimum eitt år av gongen.

    Kjønnsbalanse skal ønskjast i utvalet samla sett.

    3. Funksjonstid/gjennomføring av møte

    Funksjonstida for andre enn studentrepresentantar er to studieår av gongen, og utskifting skal skje slik at kontinuitet blir vareteken. Om medlemmer fell frå i perioden, skal desse blir i tråd med erstatta samansetninga av utvalet.

    Talet på møte blir styrte av talet på saker og regel om at møte må gjennomførast seinast tre veker etter siste, gjennomførte praksisdag.

    Praksisutval skal kunna halda møte via elektroniske medium når det er nødvendig for å sikra deltaking frå alle representantgrupper. 

    4. Sekretariat

    Seksjonssjef for LUIs seksjon for praksisadministrasjon peikar ut sekretær for utval og gir retningslinjer for arbeidet. Sekretæren har talerett i møta. Seksjonssjef har høve til å møte og har talerett.

    Vedlegg

    Forskrift om studium og eksamen ved OsloMet, kapittel 5. Praksis (lovdata.no).

    Avgjerd om mandat

    Nytt mandat og samansetning for praksisutval på LUI erstattar mandat og samansetning av 23.04.15 (FAST 15-19). 

    Det skal vera praksisutval på alle institutt på LUI. Institutt som ikkje har slikt utval i dag, skal ha peika ut representantar innan 1. mai 2018, sjå punkt 2 Samansetning.