Kvar eining og administrasjonen ved LUI har sitt eige medverknadsutval.
Retningslinjer for Medverknadsutval (MVU) ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI)
1. Formål/funksjon
Utvalet er eit fast møtepunkt mellom einingsleiinga (instituttleiar, senterleiar eller fakultetsdirektør) og tillitsvalde frå tenestemannsorganisasjonane/ fagforeiningane (eller dei organisasjonane peikar ut). Dei tillitsvalde representerer dei tilsette på eininga. Alle einingane på nivå 3 (institutt, senter og fakultetsadministrasjon) skal ha eit utval.
Utvalet skal fremme godt samarbeid, informasjonsflyt og transparens, og sikre god medverknad frå tilsette på alle nivå i organisasjonen.
Utvalet er eit rådgivande organ for einingsleiinga og har ikkje formell myndigheit til å ta avgjerder. Utvalet skal gi råd og innspel til leiinga på saker som gjeld tilsette og arbeidsmiljøa i eininga. Både utvalsleiar og tillitsvalde kan fremme saker i utvalet og det skal vere «låg terskel» for å ta opp saker.
Saker som etter Hovedavtalen kapittel 4 skal behandlast på verksemdsnivå (sentralt IDF) eller driftseiningsnivå (lokalt IDF på LUI) skal ikkje vedtakast på nivå 3. Utvalet kan likevel informere om og diskutere saker som etter Hovedavtalen skal behandlast i lokalt eller sentralt IDF. Utvalet bør om mogleg bidra til saksgrunnlaget i saker som gjeld dei tilsette i eininga og som skal behandlast i IDF.
Utvalet kan eksempelvis diskutere og gi råd i saker som omhandlar:
- Korleis kommunisere om saker til tilsette og/eller korleis sørge for god medverknad på eininga
- Einingsinterne retningslinjer eller korleis best forvalte overordna retningslinjer og føringar
- Ressursfordeling på eininga, inkludert arbeidsplanar og ressursar til utdanningane
- Arbeidsmiljø, arbeidsmiljøtiltak og sosiale arrangement
- Prosess for oppnemningar til råda frå fakultetet og utval på eininga
- Lista er ikkje uttømmande.
2. Samansetning
- Einingsleiar (instituttleiar, senterleiar eller fakultetsdirektør, eller den som einingsleiar peikar ut) leier utvalet
- 2-4 tillitsvalde
- Sekretær/referent
- Verneombod på eininga har møterett, men ikkje møteplikt.
Kommentar til retningslinje:
1. Det kan vere nødvendig å gjere lokale tilpassingar i samansetninga av utvalet, for eksempel om det ikkje er nok tillitsvalde på eininga, men organisasjonane bør ønske å peike ut representantar. Ved behov kan verneombod på eininga inngå fast i utvalet i staden for tillitsvald. Alle hovudsamanslutningane (LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne) som har medlemmer på eininga bør givast høve til å delta i utvalet. Om fleireorganisasjonar med eit stort antal medlemmer på eininga blir organiserte under éi hovudsamanslutning (t.d. Utdanningsforbundet og Forskerforbundet), bør alle organisasjonar givast høve til å delta i utvalet.
2. Verneombod bør vere med på saker som er av særleg betydning for arbeidsmiljøet og der vernelinja ikkje er høyrd i andre forum. Leiing, tillitsvalde og verneombod kan saman bli einige om lokale tilpassingar for deltaking av verneombod i utvalet.
3. Ressursar til tillitsvalde
Det blir timar gitt som svarer til den faktiske møtetida pluss førebuingstid. Det blir gitt 1 time førebuingstid per time møte, dvs. 1 time møte gir 2 timar totalt. Timar blir lagt tentativt inn i arbeidsplan og blir registrert etter rutine for innmelding av timar til råd og utval kvart halvår (juni/desember).
For teknisk-administrativt tilsette utan arbeidsplan skal leiar sørge for å tilpasse arbeidsmengda slik at den tilsette har tid til å utføre vervet på ein god måte.
4. Gjennomføring av møter
Møte blir gjennomførte med den hyppigheita einingsleiinga og medlemmene i utvalet blir einige om, men minst to gonger per semester. Utover dette kan det kallast inn til møte ved behov eller når minst to medlemmer krev det.
Følgjande blir gjort kjent for tilsette på Teams-området i eininga:
- Møtetidpunkt – i begynninga av semesteret og ved endringar.
- Sakslister – i forkant av møte, minst 1 veke før.
- Referat – etter gjennomført møte.
Tillitsvalde i lokalt IDF på LUI (hovudrepresentant og vara) skal ha tilgang til sakslister og referat frå utvala for å sikre god informasjonsutveksling.
Kommentar til retningslinje:
Ved særleg sensitive saker og tema kan utvalsleiar vurdere om saka skal skjermast på sakslister som blir publiserte til tilsette i forkant av møte. Saka blir då karakterisert «Unntatt offentlegheit». Utvalet kan bli einige om å skjerme sensitive saker frå referat eller avgrense kva detaljar som blir gitt att i referatet.