Alle NOVA-rapportar skal følgje vedtekne kvalitetssikringsrutinar som inneber:
- Fagleg kvalitetssikring av ein intern eller ekstern forskarkollega.
- Korrektur / lett språkvask. Blir gjennomført av eksternt byrå.
På NOVAS leiarmøte 19. oktober 2020 blei det vedteke at instituttet skulle følgje OsloMet sine generelle kvalitetssikringsrutinar: Kvalitetssikringsrutinar for forsking og utgreiing som blir publisert i Oslomet sine skriftseriar (ansatt.oslomet.no) (PDF).
Rutinar
Kvalitetssikring av arbeid som blir offentleggjort i rapportserien går føre seg ved at utkast til manus blir levert frå forskar/prosjektleiar til næraste leiar for gjennomgang. Næraste leier kan delegere kvalitetssikringa til ein annan tilsett, eventuelt ein ekstern.
Institutta/sentera/fakulteta må sjølv lage rutinar som sikrar at manus blir levert til kvalitetssikring i rimeleg tid, at den som skal kvalitetssikre er orientert om kva arbeidet inneber, og om nødvendig setje av tid/ressursar til den som skal kvalitetssikre. Normalt bør tid til kvalitetssikring vere spesifisert i budsjettet for kvart enkelt prosjekt.
Kvalitetssikrar skal gå gjennom teksten med tanke på å sikre at grunnleggjande faglege og forskingsetiske krav er oppfylt. Alle funn skal i størst mogleg grad vere etterprøvbare. Det inneber at empiri og metodisk tilnærming må framstillast på ein grundig og transparent måte. Konklusjonane som blir trekte må tydeleg forankrast i funna. Gjennomføringa av prosjektet skal følgje OsloMets etiske retningslinjer for forsking (ansatt.oslomet.no).
Kvalitetssikrar skal også sjekke at rapporten dekkjer dei temaa og problemstillingar som er lova i prosjektskissa.
Kvalitetssikrar skal bidra til best mogleg kvalitet, og samtidig sikre ein minimumskvalitet. Det inneber at kommentarane kan vere av to typar: «Må»- for å sikre minimumskvalitet – og «kan» for å heve kvaliteten ytterlegare. Kvalitetssikrar markerer krav til endring i manus som «må», og forslag til forbetringar som «kan». Prosjektleiar har ansvar for at dei ulike forfattarane rettar opp dei krava (må) og råd (kan) som følgjer av kvalitetssikringa.
Dersom det ikkje blir ei semje mellom kvalitetssikrar og forskar/prosjektleiar skal saka leggjast fram for næraste leiar og i siste instans instituttleiar/senterleiar. Instituttleiar/senterleiar kan ved behov trekkje inn ytterlegare intern eller ekstern kompetanse for å ta ei avgjerd i saka.
Namnet til kvalitetssikraren skal komme fram i publikasjonen.
Instituttleiar/senterleiar eller han denne delegerer til har ansvar for at alle prosjekt blir tildelte ein kvalifisert kvalitetssikrar, medan det er prosjektleiars ansvar å sikre at kvalitetssikringsrutinane blir følgde.
Kvalitetssikringsrutinar utarbeidde av Divisjon for FoU, OsloMet, juli 2020.