Forskare og ungdom rundt eit bord ute.

AFI-prosjekt i EUs rampelys

AFI-forskar Aina Landsverk Hagen er invitert til Brussel for å presentere erfaringar frå det nyleg avslutta EU-prosjektet YouCount.

I prosjektet jobba forskarane med ungdom i ni europeiske land for å saman utvikle ny kunnskap om korleis unges sosiale inkludering kan styrkast.

– Dette er ei stor anerkjenning av det mangeårige arbeidet vårt med å involvere ungdom i forsking, og gir også retning til nye og framtidige prosjekt der vi tar unge på alvor, som medforskarar og partnarar i utviklingsarbeid, seier AFI-forskar Aina Landsverk Hagen.

Arrangementet går føre seg 19. juni, og du kan følgje det digitalt: Cluster event: Advancing Public Engagement and Citizen Science in the ERA - European Commission (europa.eu).

Ungdom i Bydel Gamle Oslo spilte en viktig rolle

AFI-forskarane samarbeidde blant annet med ungdom i Bydel Gamle Oslo for å forstå korleis unge opplever seg sosialt inkluderte gjennom sine første deltidsjobbar.

Ei av dei var medforskar  Chaymaa Aberkane, her avbilda med prototypen av utstillinga basert på funn og resultat frå YouCount på Interkulturelt Museum, Oslo, i mai 2023. 

Fotograf  Dichino Nguyen og andre unge frå mediegruppa Ildfluene samarbeidde om å utvikle utstillinga og dokumentere prosessen.

Vi er spesielt stolte av innsatsen og engasjementet dei unge medforskarane frå Bydel Gamle Oslo viste i møte med politikarar og avgjerdstakarar, det inspirerer! – Forskar Aina Landsverk Hagen.
Portrettbilde av Chaymaa Aberkane.

Eit viktig signal frå EU

Målet for EU-prosjektet YouCount var å utvikle og teste ut folkeforsking (“citizen social science”) i samfunnsvitskapleg forsking i ulike europeiske kontekster, og evaluere fordelar og ulemper ved denne typen forsking.

– Invitasjonen til Brussel er eit viktig signal frå EU om kor vekta blir lagd i framtidig forskingspolitikk, og det er flott at AFI og OsloMet blir synlege som leiande forskingsinstitusjonar på dette viktige forskingsområdet, fortel prosjektleiar og AFI-forskar Reidun Norvoll.

Folkeforsking blir gjerne definert som involvering av innbyggarar eller lokalsamfunn i heile eller delar av forskingsprosessen.

– Det handlar om at samfunnet og forskarar samarbeider om å løyse sentrale samfunnsutfordringar, forklarer prosjektleiar Norvoll.

Vil styrke inkluderinga

Sosial inkludering betyr at ein person har høve til å delta i samfunnet gjennom for eksempel arbeid, oppleve sosial tilhøyrsel til andre og til staden der dei bur, eller det å vere ein aktiv samfunnsborgar.

Prosjektet tok utgangspunkt i samfunnsutfordringar knytte til at mange unge i Europa er i faresona for å bli sosiale ekskludert, av ulike årsaker. 

– Det finst mykje forsking på ekskludering, men vi vil finne ut kva som fremmar sosial inkludering, og kva dei unge sjølv tenker om dette, seier Norvoll.

Klar med nytt, stort prosjekt

AFI-forskar Hagen og kollegaer har tatt med seg erfaringane frå YouCount, og bygget eit nytt, stort samarbeidsprosjekt kalla YouHope – no med unge medforskarar i nordiske land.

– Vi gleder oss til å utforske nye tema saman med ungdom i skandinaviske storbyar dei neste åra, og til å bygge vidare på innsikta vi har fått gjennom EU-prosjektet YouCount – spesielt når det gjeld alternativ forskingsformidling og samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar som Interkulturelt Museum og ungdomsredaksjonen Ildfluene, avsluttar Hagen.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 26.05.2025 | Nina Alnes Haslie