Ved master i åtferdsvitskap bidreg masterstudentar inn i forskinga ved institutt for åtferdsvitskap

Heilt sidan oppstart i 2004 har sentrale forskarar ved instituttet, med professor Erik Arntzen og professor Per Holth i spissen, teke med masterstudentar som medarbeidarar i forskinga si.

Over år har denne måten å organisere rettleiing og forsking på utvikla seg og instituttet har i dag fleire forskingsgrupper, lab grupper og meir tidsavgrensa prosjekt der studentane har høve til å gjennomføre masterprosjektet sitt.  

Masteroppgåve med ambisjon om å bidra med ny kunnskap 

Masteroppgåva ved master i åtferdsvitskap kan vere ein empirisk artikkel, ein systematisk litteraturstudie eller ein teoretisk artikkel.  

Uavhengig av artikkelformat er det av masteroppgåver forventa at prosjektet har ein ambisjon om å bidra med ny kunnskap.   

Dei siste åra har studentar blant anna vere ein del av anvend forsking innan opplæring av barn med autisme, miljøtiltak for klassar i barneskulen, organisasjonsendring i offentlege etatar og bedrifter. Studentar har også vore ein del av ulike former for grunnforsking der ein har sett på alt frå valåtferd hos insekt til omgrepsdanning hos vaksne til læring og dynamikk i grupper.  

Forskinga går ofte føre seg på OsloMet, men også utanfor institusjonen i samarbeid med eksterne partnarar. Felles for alle prosjekt studentane er involverte i, er at dei på ulike måtar inneber å utvikle og auke kunnskap om den målbare påverkinga til miljøet på åtferd. 

Internasjonal forskingsfront 

Ved å bli med i pågåande prosjekt ved instituttet får studenten høve til å ta del i prosjekt som ligg i forskingsfronten internasjonalt.  

I kor stor grad studenten bidreg i utforming av forskingsspørsmål og metode for å klargjere dette, og dessutan søknader knytt til forskingsetikk og personvern, kan variere frå prosjekt til prosjekt.  

Nokre studentar deltek i allereie planlagde prosjekt mens andre i større grad bidreg i planlegginga. Felles for alle prosjekt er at studenten er sterkt deltakande i analyse og framstilling av data og studenten leverer eit sjølvprodusert artikkelutkast som masteroppgåve.

Eit stort tal masterprosjekt ved programmet har vorte omarbeidde og publiserte i nasjonale og internasjonale tidsskrift. 

Eit bredt utval av prosjekter 

Denne måten å organisere forsking og rettleiing på er krevjande, men har fleire fordelar.  

Oppsettet er krevjande fordi det inneber at forskarar ved instituttet alltid har eit relativt breitt utval av forskingsprosjekt som er eigna for studentinvolvering i aktivitet eller på annan måte tilgjengeleg.  

Det krev også at studentane relativt tidleg i studieforløpet blir informerte om og blir bede om å ta stilling til kva type forskingsprosjekt dei ønskjer skrive om i masteroppgåva si.  

Det siste har vi dei seinare åra prøvd å arrangere ein prosjektdag i andre semester. Der blir moglege masterprosjekt presenterte for alle studentar.  

I tillegg ber vi studentane sende inn prosjektskisser til godkjenning på eit tidlegare tidspunkt enn før. Så langt kan det sjå ut som at dette kan ha nokre positive effektar, men det er likefult ei arbeidsform som krev jamlege justeringar og ein kontinuerleg innsats frå alle tilsette.  

Ei unik moglegheit 

Fordelane er likevel store. Studenten får innsyn i og kunnskap om kva som er forskingsfronten.  

Det er ei unik moglegheit for tileigning av både generell og spesialisert kompetanse.  Forskarar på si side får inn medarbeidarar som bidreg direkte til å utvikle og innhente ny kunnskap relevant for forskinga deira.  

Begge partar får høve til å danne nye faglege relasjonar og utvide det faglege nettverket sitt som i nokre tilfelle består i lang tid ut over prosjektarbeidet. 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 20.10.2023 |