Frode Thorjussen snakkar til ein forsamling.

– Vi er avhengige av å samarbeide med kvarandre

Etter eit og eit halvt år på Holmlia ser vi resultat av samarbeidet mellom OsloMet og Bydel Søndre Nordstrand.

I stortingsmelding 16 (2020-2021) står det: «Dei store samfunnsutfordringane kan ikkje løysast av éin sektor åleine. Skal vi lykkast med omstillingane som vi står overfor, må arbeidslivet og høgare utdanning spele saman.»

– Stortingsmeldinga er eit viktig bakteppe for samarbeidet med Bydel Søndre Nordstrand. Og vi spør oss sjølve heile tida; utgjer nærværet vårt på Holmlia ein forskjell, seier Mette Tollefsrud.

Ønskjer å løyse morgondagens utfordringar

Tollefsrud er prosjektleiar for OsloMet Holmlia. Frode Thorjussen (biletet øvst i saka), avdelingsdirektør for Samfunn og innbyggjardialog i Bydel Søndre Nordstrand, reknar samarbeidet som viktig for både universitetet og bydelen.

– OsloMet som eit storbyuniversitet, og oss som ein mangfaldsbydel, har mykje å bidra med til kvarandre. Vi er avhengige av kvarandre for å kunne løyse morgondagens samfunnsutfordringar, fortel Thorjussen.

– Samarbeidet gir oss viktig kunnskap om praksisfeltet og kva arbeidslivet treng av kompetanse, som er viktig for dei faglege innhaldet og arbeidsmåtane til utdanningane, seier Tollefsrud.

Ny vidareutdanning skal «matche» samfunnet

Vidareutdanninga «Mangfaldsleiing i barnehagen» (student.oslomet.no) er på masternivå, og vart utvikla etter eit ønske frå barnehageleiarar i bydelen.

– Bydelen er veldig mangfaldig, noko som blir spegla blant barn og tilsette i barnehagane. Kompleksiteten gjer at det blir stilt større krav til barnehageleiarane, fortel Cecilie Thun, førsteamanuensis ved Institutt for barnehagelærarutdanning (BLU).

I arbeidsgruppa som utvikla studiet sett deltakarar frå styrargruppa i bydelen, og faglærarar ved BLU. Vidareutdanninga vart gjennomført for første gong i studieåret 2022-2023.

– Vi starta samarbeidet med ei erfaringsutveksling der styrarane delte opplevingane sine med å jobbe i ein bydel med stort kulturelt og religiøst mangfald, og dessutan ein del levekårsutfordringar, seier Thun.

– Vi har saman utvikla eit emne med direkte relevans for jobben vi gjer i det daglege, seier Lars Embretsen.

Embretsen jobbar som styrer i ein barnehage i bydelen, og var ein av deltakarane i arbeidsgruppa.

– Utviklinga av emnet har vore givande i seg sjølv, og gjer vidare samarbeid mykje enklare. No kjennest vi meir som kollegaer, fortel Embretsen.

Etablerer ei medieteneste av og for ungdom

«Søndre Media» er eit prosjekt i regi av forskargruppa Media Practice ved Institutt for journalistikk og mediefag, i samarbeid med Arbeidsforskningsinstituttet AFI, Fakultet for teknologi, kunst og design og Institutt for estetiske fag.

– Prosjektet inkluderer opplæring i mediefaglege og journalistiske ferdigheiter, samtidig som forskingsdelen handlar om å forstå kva slags journalistikk ungdom i Søndre Nordstrand sjølv treng og saknar, fortel professor Dagny Stuedahl.

Dei vil etablere ein «medialab», eit opplæringsopplegg, og ein mediekanal av og for ungdom på Holmlia og i bydelen.

– Ein viktig del av prosjektet er at studentane sjølv kan tilby opplæring og workshops som ein del av si eiga utdanning, seier Stuedahl.

Dagny Stuedahl presenterar prosjektet "Søndre Media"

Stuedahl er leiar av prosjektet «Søndre Media». Foto: Pål Arne Kvalnes/OsloMet

«Minipraksis» i Aktivitetsskolen

Eit godt døme på at utdanningane samarbeider direkte med arbeidslivet, er «minipraksis» i Aktivitetsskolen (AKS) i bydelen, for førsteårsstudentar på barnevernstudiet.

Minipraksis er eit fire dagars praksisopplegg. Faggruppeleiar Anita Sundes og førstelektor Svein Fuglestad ved Institutt for sosialfag har vore sentrale i arbeidet med minipraksis.

– Vi har samarbeidd med tilsette frå AKS i bydelen om alt frå opplegg, gjennomføring og evaluering av praksis for førsteårsstudentar på barnevernutdanninga, fortel Fuglestad.

Fuglestad trekkjer fram at det er viktig at studentane får erfaring med barn og unge i eit mangfaldig samfunn.

– Det siste året er samarbeidet med minipraksis i AKS utvida frå primært å vere i bydel Søndre Nordstrand, til aktivitetsskular i heile byen. Då kan forskjellane mellom ulike bydelar og «aust versus vest»-problematikken i Oslo bli tydelege for studentane våre, som blir dei framtidige barnevernspedagogane våre, seier Fuglestad.

– Studentane var kreative og ivrige

Melisa Sorouri er baseleiar for AKS ved Bjørndal skule – ein av skulane som hadde studentar i minipraksis. Ho synest samarbeidet med OsloMet har vore engasjerande.

– Studentane var kreative og ivrige. Dei observerte oss på AKS dei to første dagane, og så fekk dei høve til å lage opplegg og planleggje aktivitetar på eigenhand. Vi tek med oss alle gode forslag og idear vidare, seier Sorouri.

– Dei treng å sjå, oppleve og erfare arbeidsinstitusjonar der barna er i fokus. Då er AKS ein fin stad å starte.

Publisert: 05.04.2024 | Kamilla Brandal