OsloMet-logo på fasade

Bestill ein forskar

Under Forskingsdagane i september kan ungdomsskular i Oslo og Akershus få besøk av ein OsloMet-forskar.

"Bestill ein forskar" er no fullteikna. 

Ny-satsinga «Bestill ein forskar» går føre seg under Forskingsdagane 23.–25. september.

OsloMet-forskarar reiser ut til ungdomsskular i Oslo og Akershus med inspirerande foredrag, gruppeoppgåver og aktivitetar tilpassa ein klasse eller eit klassetrinn.

Føremålet er å gi elevar på 8.–10. trinn ei engasjerande økt på éin time, der dei får ein smakebit av forskingsarbeid.

Skulane kan velje mellom eit breitt spekter av tema innanfor desse områda, som omfattar dei tverrfaglege temaa for ungdomstrinnet:

Under er ei oversikt over dei ulike opplegga, når dei er tilgjengelege og kva tverrfaglege tema i læreplanen dei er knytt til.

Forskarar og tema

Onsdag 23. september

Rasisme og diskriminering - korleis påverkar det unges tillit til samfunnet? v/Åsne Danielsen, Mathilde Hjelle & Mariann Stærkebye Leirvik 

Vi tar opp tema knytt til rasisme og diskriminering og korleis dette heng saman med tillit i samfunnet. Målet er å inspirere elevane til å reflektere over korleis rasisme og diskriminering kan komme til uttrykk i Noreg og i deira eige lokalsamfunn spesielt. Vi ønsker også å belyse korleis det å bli utsett for rasisme kan påverke tilliten til mellom anna politiet, skulen, arbeidsgivararar og politikarar. Etter ein kort fagleg introduksjon til temaet vil opplegget bestå av minst to ulike aktivitetar:

  • Påstand og refleksjon - elevane får ulike påstandar dei skal ta stilling til og reflektere rundt
  • «Kast ein terning» – scenariobasert rollespel

Opplegget er knytt til det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i læreplanen og til tillit, som er temaet for årets Forskingsdagar.

Trinn: 9. og 10. trinn

Anbefalt gruppestorleik: 25-30 elevar

Institutt: By- og regionforskningsinstituttet NIBR, avdeling for internasjonale studier og migrasjon

Mini-organ på laboratoriet: Slik forskar vi på kreft v/Viola Lobert

Viola Lobert forskar på organoidar, mini-organ som kan dyrkast på laboratoriet og som liknar organ i kroppen vår. Ho skal forklare korleis desse blir dyrka, korleis vi kan analyse dei, og korleis dei kan hjelpe oss med å behandle kreft betre. Det vil vere korte aktivitetar der elevar jobbar i grupper.

Trinn: 9. og 10. trinn

Anbefalt gruppestorleik: 25-30 elevar

Institutt for Maskin, Elektronikk og Kjemi. Forskingsgruppe Reproduktiv helse hos menn.

Torsdag 24. september

Beredskap, sikkerheit og demokrati v/Tereza Østbø Kuldova

I ei tid med krig i Europa, klimakrise og rask teknologiutvikling utforskar vi kva omgrep som totalforsvar, beredskap og samfunnssikkerheit betyr. Korleis ønsker vi å oppnå sikkerheit i eit demokratisk, fritt og ope samfunn?

Demokrati, fridom, openheit og tillit kan vi forstå som styrke, men det kan også gjere oss sårbare. Når vi blir redde for spionasje, sabotasje, krig eller dataangrep, er det lett å ty til meir overvaking, strengare kontroll, og inngripande sikkerheitstiltak som innskrenkar fridomane våre. Men risikerer vi da at sikkerheitstiltaka øydelegg dei verdiane dei var meint å beskytte? Kan tilliten samfunnet vårt er bygd på, forvitre? Elevane blir utfordra til å tenke kritisk om spenningar knytt til sikkerheitstiltak i eit liberalt demokrati.

Tereza Østbø Kuldova er Forskingssjef ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) ved OsloMet og er sosialantropolog.

Opplegget er knytt til det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i læreplanen, og til tillit, som er temaet for året Forskingsdagar.

Opplegg: 30 min føredrag + 30 min gruppearbeid

Klasse: 9 og 10. trinn

Anbefalt gruppestorleik: 25-30 elevar

Fredag 25. september

Påmelding

"Bestill ein forskar" er no fullteikna og påmeldinga er stengt. 

Ta kontakt om du har spørsmål. 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 29.04.2026 | Åshild Losnegard