– Vi har vore i kontakt med kommunar, bankar og verksemder innan rekneskap, mellom andre. Alle seier at dei manglar folk som har innsikt i begge fagområda, seier fagansvarleg for det nye årsstudiet, universitetslektor Janis Gailis.
Det er omfattande digitalisering på stadig fleire område i samfunnet, og det er behov for folk som forstår både bedriftsøkonomi og grunnleggjande informasjonsteknologi, framhevar han.
– Vi ønskjer at studentane får sjå samanhengen mellom IT og økonomi, ikkje berre lære å programmere eller setje opp rekneskap.
Praktisk problemløysing
– Vi difor har utvikla eit prosjektbasert emne med praktisk problemløysing, der studentane får bruke det dei lærer både i økonomi og IT.
Tanken her er at studentane skal arbeide som om dei var konsulentar for ein oppdragsgjevar.
– Vi prøver også å få med reelle oppdragsgjevarar frå arbeidslivet.
Ei konkret problemstilling kan vere å designe ein app for eit bestemt område, utvikle konseptuelle modellar og kanskje implementere ein liten prototype.
Gailis kjem også inn på at KI-modellar må evaluerast kritisk. For å utvikle denne kritiske vurderingsevna er det viktig å ha brei bakgrunn og forstå teknologien i den samfunnsmessige samanhengen han vert brukt i.
I BizTech-studiet vil studentane kunne sjå samanhengen mellom IT og økonomi, framhevar fagleg ansvarleg, Janis Gailis. Foto: Olav-Johan Øye
Alle med allmenn studiekompetanse kan søkje
– Vi har valt emne frå økonomi og IT som gjer at ein ikkje treng spesielle forkunnskapar i programmering eller økonomi.
Såleis kan alle med allmenn studiekompetanse søkje på årsstudiet.
Årsstudiet kan også vere ein inngang til vidare studium både innan IT og økonomi. Emna frå dei to fagområda kan innpassast i desse utdanningane.
Studiet inneheld i tillegg til prosjektemnet
- interaksjonsdesign og prototyping
- marknadsføring
- organisasjonsforståing
- hurtig utvikling med scripting-språkbedriftsøkonomi
- statistikk
Les meir om studiet
- Studiepresentasjon for årsstudiet i bedriftsøkonomi og informasjonsteknologi
- Programplan for årsstudiet i bedriftsøkonomi og informasjonsteknologi (student.oslomet.no).