Portrett av Bruna Bruce foran murvegg

Eit brennande engasjement for kunnskapsdeling, samarbeid og partnarskap

Med 27 år i OsloMet si teneste har Bruna Bruce dedikert livet sitt til utdanning, utvikling, mangfald og kultur.

Ho er eit kjent fjes her på OsloMet. Både tilsette ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar, samarbeidspartnarar og oppdragsgivarar veit godt kven Bruna Molin Bruce er. Men no – etter heile 27 år i ulike stillingar og funksjonar – går Bruna av med pensjon.

Førskolelærar og dramastudent

Bruna er fødd i Venezia, men familien flytta til Oslo då ho var lita. Bakgrunnen som fleirspråkleg og fleirkulturell har forma synet hennar på mangfald og har gitt henne ei retning både på jobb og privat.

Her på universitetet startar Bruna si historie i 1994. Etter å ha jobba fleire år som freelance skodespelar og førskolelærar i barnehage, starta ho som dramalærar på det som gjekk forut for dagens Institutt for barnehagelærarutdanning på OsloMet – førskolelærarutdanninga, populært kalla FLU. 

Bruna gjekk sjølv på Barnevernsakademiet, forløparen til FLU, og seier det var ein fantastisk stad å ta utdanning. 

– Den gongen var det kort veg til leiinga, og eg opplevde at alle vi studentane elska å vere til stades på institusjonen. Det var kultur for læring og eit godt fellesskap.

Under studietida, der ho tok fordjuping i drama, starta ho blant anna teater-gruppa Halvannan, og seinare starta ho Arken teater. Å møte barn på deira premissar med leik og teater opna ei ny verd for Bruna. Det estetiske språket gav henne ei ny forståing for leik og kommunikasjon gjennom kunstnariske uttrykksformer.

– Lek er ein enormt viktig del av livet, og statusen til leiken i barnehagen har vore ei kampsak for meg, fortel Bruna.

– Det å kunne bruke alle sider av seg sjølve og kommunisere med heile kroppen er sentralt i både dramafaget, i leiken og i samspel med andre.

Ein lang karriere ved OsloMet

I 1997 blei Bruna tilsett som vikar ved dramaseksjonen på barnehagelærarutdanninga.

– Det var ei anna tid, med skrivemaskin og askebeger på kontoret i Pilestredet 48, mimrar ho.

Bruna har vore seksjonsleiar for drama, prosjektleiar for estetisk veke, praksisrettleiar, studieleiar, fungerande instituttleiar på Institutt for barnehagelærarutdanning, og no til sist - seksjonssjef for Seksjon for oppdragsadministrasjon sidan 2017. Der har ho vore ansvarleg for å bygge opp ein stor portefølje av etter- og vidareutdanningar i ein periode med ei enorm vekst og utvikling.

– Det har vore ei stor glede når vi har lykkast med å kople dyktige faglege ressursar frå OsloMet med kompetansebehov ute i skole og barnehage. Vi har utruleg mange flinke fagfolk her hos oss, som fleire treng å lytte til og samarbeide med, fortel ho.

Bruna viser engasjement med ansikt og hender

Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet

Tett på barnehagar og skolar

Ho er glad for at fakultetet har sett verdien i å utvikle langvarige partnarskap med barnehagar og skolar. Det har vore viktig for henne å bygge på dei lokale behova som kvar enkelt barnehage- og skoleeigar har. 

– Det er stor kunnskapshunger ute i praksisfeltet, og vi må dele av kompetansen vår her på LUI. På den måten kan vi tilby skreddarsydd kompetanseutvikling som dei tilsette i barnehage og skolar får mest mogleg ut av. Då kan dei lykkes betre med det enormt viktige samfunnsmandatet dei har, seier Bruna.

– Ein må heile tida spørje seg: Kva treng akkurat denne barnehagen eller skolen? Utviklingstiltak blir best set i verk når dei tar utgangspunkt i erfaringane til dei som jobbar der, og når vi ikkje trur at vi berre kan komme ut og fylle på med ei sanning eller to, fortset ho.

– Kompetanseutvikling og endring tar tid, og krev respekt og samarbeid frå alle involverte partar. Det gjeld for OsloMet òg, smiler ho.

Bruna har vore heilt sentral i å legge til rette for at lærarar, barnehagelærarar, yrkesfaglærarar, PP-rådgivarar, tolkar og leiarar i skolar og barnehagar får tilgang på forskingsbasert kompetanse gjennom våre etter- og vidareutdanningar.

– Behova i profesjonane har endra seg over tid. For eksempel er det slik at no som nesten alle barn går i barnehage, er barnehagane prega av eit stort mangfald, spesielt i regionen vår. Dei tilsette treng mykje kompetanse som det ikkje nødvendigvis er plass til i grunnutdanningane. På område som leiing, mangfald, leik og tilpassa opplæring er  det viktig å kunne tilby etter- og vidareutdanningar.

Betydninga av nettverk

Bruna har vore regionkoordinator for Etter- og vidareutdanningsnettverk for universiteter og høgskoler H (EVU-nettverk) i regionen vår sidan 2017, først i Oslo Nord, så i Region Aust, med 11 universitet- og høgskolar. Ho framhevar sjølv at nettverksbygging og samarbeid framfor konkurranse er utruleg viktig for å oppnå det beste for barn og unge gjennom utdanningar og vidareutdanningar. Ho har sete i mange regionale samarbeidsforum for barnehage, skole, yrkesfag, vaksenopplæring og for spesialpedagogikk og inkludering.

Ho har samarbeidd tett med barnehage- og skoleeigarar, Statsforvaltaren, og avgjerdstakarar som Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om å gi tilsette i barnehagar og skolar kunnskap, ferdigheiter og inspirasjon.

Også internt på OsloMet har ho drive nettverksbygging, og har stått på for å sikre at fakultetet og utdanningane her, har blitt høyrt i OsloMet sitt Campusutviklingsprogram.

Teaterbakgrunnen har forma leiarjobben

– Bakgrunnen min frå teater har hatt mykje å seie for korleis eg kommuniserer med andre menneske. Som leiar må ein vere i stand til å ope ta imot det dei tilsette kommuniserer til deg, og få dei til å kjenne seg trygge. Det har mykje felles med improvisasjonen ein finn i teateret, seier Bruna.
Også ferdigheiter i å framføre bodskap framfor ulike publikum har komme godt med.

–  Eg har sikkert halde over tusen presentasjonar i karrieren min, ler ho.

Det er viktig for Bruna å presisere at ho har vore utruleg heldig å få jobbe med og leie så mange ulike, flotte, varme og kunnskapsrike menneske. Dette kjenner ho ei djup takksemd for.

Bruna Bruce smiler til fotografen

Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet

Saman skaper vi heilskap

Musikk har alltid vore ein stor lidenskap for Bruna, særleg jazz og moderne R&B. Musikkinteressa blei vekt i barndommen. Faren jobba på Tandberg radiofabrikk, og kvar dag etter skolen sat Bruna med øyretelefonar og spolebandopptakar – og høyrde på Led Zeppelin og annan rock. Bruna sin aller første betalte jobb var som 14 åring i ei platesjappe på Gunerius. Ho hadde eit tydeleg talent for å finne den rette musikalske matchen med dei ulike kundane.

Lidenskapen har ført henne ut på reiser over heile verda for å oppleve favorittartistar som Robert Glasper,  Herbie Hancock og Pat Metheny.

–  Eg kan ikkje leve utan musikk, først og fremst live musikk. Vi MÅ gå på konsertar, dykk, for levande musikk må ikkje døy!

For Bruna er jazzmusikk også ein kraftfull metafor på korleis unike stemmer kan improvisere saman for å skape ein heilskap. Inga framføring blir lik, og alle har stemma si, men saman blir det heilskap, og noko nytt kvar gong.

– Då eg som ungdom høyrde songen Little Boxes av  Malvina Reynolds, var det noko som fall på plass i meg. Bodskapet i songen om korleis vi som menneske blir putta inn i boksar og kjem ut heilt ulike, påverka mitt syn på mangfald. Dette synet har hatt noko å seie for korleis eg seinare har sett på ulikheit hos dei mange studentane eg har møtt. Det er også slik at eg ikkje liker at alt blir «firkanta». Det trengs rammar og retningslinjer, men rom for ulike løysingar og moglegheiter er også nødvendig for vi skal kunne vere i utvikling

–  Alle studentane er ulike, og eg synest vi skal oppmuntre til ulikheit, sjølv om det krev meir av oss som undervisarar. Studentane kan ikkje, og skal ikkje, bli heilt like. Det same gjeld medarbeidarane og kollegaene våre. Ulikheit er nødvendig for at vi skal bli eit godt lag, men vi må trekke i same retning – akkurat som i jazzmusikken.

No ser ho fram til endå betre tid til å dyrke musikkinteressa, vere med barnebarna, og reise meir, ved sida av å dyrke kjærleiken til matlaging og naturvin.

Publisert: 03.06.2025 | Pia Lang-Holmen | Siv Tonje S. Håkensen | Foto: Siv Tonje S. Håkensen