Ni aktivister og samarbeidspartnere står sammen i ei trapp med et colombiansk flagg..

Befolkninga i Colombia blir ramma av vald og kokainindustri – aktivistar ber Noreg ta ansvar

Tre colombianske aktivistar besøkte nyleg Oslo for å dele historier om vald og kampen for menneskerettar – og for å rette søkelyset mot Noregs rolle som både fredsaktør og forbrukarsamfunn.

NORHED II-prosjektet SIICHER – Regional Programme for the Strengthening of Indigenous, Intercultural and Communitarian Higher Education and Research in Colombia (uni.oslomet.no) støttar interkulturell høgare utdanning i samarbeid med partnarar i Colombia og Nicaragua. 

16. juni var dei medarrangørar for ein samtale med tre aktivistar som kjempar for miljø, fred og rettane til ungdom i eit Colombia prega av vald og ein stadig veksande kokainindustri.

– Vi er glade for å få vere med på å arrangere dette. Høgare utdanning og forsking har også ei viktig rolle i å fremme rettferd og solidaritet, seier forskar Susanne Normann i SIICHER-prosjektet og Institutt for journalistikk og mediefag.

Verkelegheita i Colombia

Miljø- og menneskerettsforkjempar Yesica Méndez, Yenny Yajaira Sáenz Pabón frå bondeorganisasjonen ASCAMCAT og Deyanira Soscue frå den politiske urfolksorganisasjonen CRIC delte sterke historier frå heimlandet sitt. Dei ønskte å synleggjere verkelegheita i Colombia og korleis auka kokainbruk, mellom anna i Noreg, bidreg til vald og fordriving av lokalsamfunn frå landområda deira.

CRIC eig universitetet UAIIN i Colombia, som er ein av partnarane i SIICHER-prosjektet.

Aukande vald og kokainøkonomi

Colombia har vore prega av væpna konflikt i fleire tiår. I 2016 blei det inngått ei fredsavtale mellom styresmaktene og FARC-geriljaen. Noreg var garantistland både for denne avtalen og seinare forhandlingar med andre geriljagrupper. 

– På papiret er det fred, men valden aukar, og den blir i stor grad retta mot menneskerettsaktivistar og miljøforkjemparar, seier Normann.

– Volden blir driven fram av mellom anna paramilitære grupper, dissidentgrupper og andre kriminelle som har koplingar til den stadig veksande kokainindustrien.

Nærbilde av Susanne Normann

Førsteamanuensis ved Institutt for journalistikk og mediefag Susanne Normann Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Unge utan framtid

På seminaret skildra dei tre aktivistane korleis dagens narkotikapolitikk og aukande global etterspurnad etter kokain rammar befolkninga i Colombia.

– Volden breier om seg og bønder og urbefolkning blir tvinga til å gi frå seg matjord til kokaindyrking, seier Normann.

Aktivistane fortalde om eit utrygt land der ungdom i rurale strøk i aukande grad blir tvangsrekruttert til væpna grupper eller må arbeide med kokaindyrking og ikkje har nokon framtidsutsikter. Dei la vekt på ansvaret Noreg har som fredsaktør og forbrukarsamfunn.

– Media har dei siste åra sett søkelyset på aukande konsum av kokain blant unge i Noreg, og for menneskerettsforkjemparane som var med på arrangementet er det viktig at brukarar forstår kva vala deira bidreg til for menneske i Colombia, seier Normann.

Lovleg industri – ulovlege konsekvensar

Men det er ikkje berre ulovleg kokaindyrking som rammar lokalbefolkninga. Aktivistane fortalde også om korleis internasjonal kapital – med investeringar i mellom anna  vasskraft, skogbruk og gruvedrift – også kan føre til vald og fordriving.

– Desse kvinnene var opptekne av at også slik lovleg industri bidreg til vald og drap på aktivistar som kjempar for rettane til sine lokalsamfunn i møte med desse selskapa, seier Normann.

Colombia var i 2023 verdas aller verste land når det gjeld drap på nettopp miljøforkjemparar, ifølgje Global Witness sin 2024-rapport (globalwitness.org). Ei utfordring for lokalsamfunn er ofte å kunne dokumentere kven som står for valden. 

Noko av årsaka, seier Normann, kan ligge i at dei store selskapa har mange lokale underleverandørar, så det er mange ulike aktørar som kan ha interesser i prosjekta.

– Men menneskerettsforkjemparar i Colombia ønsker å ansvarleggjere dei store, internasjonale selskapa. Dei meiner selskapa bør bruke moglegheitene dei har til å auke tryggleiken og stanse overgrepa, forklarer Normann. 

Ho beskriv det som forteljinga om kynismen i den globale verdikjeda.

– Det gjeld også norske investeringar i Colombia. Produkt som bananar og cellulose kan også vere produsert under forhold som bryt med menneskerettane. Derfor har også norske investorar og forbrukarar eit ansvar.

Viktig å lytte til stemmer frå Colombia

Arrangementet var eit samarbeid mellom Støttegruppa for Fred i Colombia, Peace Brigades International Noreg, LAG Noreg, Operasjon Dagsverk, SIICHER-prosjektet på OsloMet og SAIH – Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond som initiativtakar. SAIH er ein solidaritetsorganisasjon som jobbar for å fremme høgare utdanning og akademisk fridom som ein menneskerett.

– Vi i SIICHER har fleire samarbeid med SAIH, og dei arbeider med ein av partnarane våre. Vi set stor pris på slike samarbeid med sivilsamfunnet. 

Ho understrekar betydninga av at SIICHER og OsloMet deltar i initiativ som dette arrangementet.

– Det er viktig å lytte til stemmene frå Colombia og skape eit rom for perspektiv som sjeldan får plass i mediebildet. Det er ei aukande bekymring for situasjonen i Colombia, og det er viktig å synleggjere det overfor både sivilsamfunnet og politikarar.

Publisert: 19.06.2025 | Kristine Welde Tranås | Foto: Sofie C. Valoyes Florez