Craft Hub er eit EU-prosjekt finansiert av Creative Europe-programmet. Forskingsprosjektet har søkjelys på handverk som kulturarv og korleis handverksteknikkane kan vere relevante i vår tid og i framtida.
Aktivitetane i prosjektet inneber å undersøkje og dokumentere handverksferdigheiter og prosessar, og den ulike bruken deira i kreative praksisar over heile Europa. Dette blir realisert gjennom eit omfattande online materialbibliotek, 305 dagar med workshops, ein festival, sju utstillingar og to konferansar.
![Arild Berg sit ved eit bord i ein av verkstadene på produktdesign.](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/9/4/6/3/443649-1-nor-NO/f87591f892c4-arild_berg_04_2400-1200_sb.jpg)
Professor Arild Berg. Foto: Sonja Balci
Skapande fag og deira rolle i samfunnet
Ein av dei to konferansane er altså på OsloMet, der Institutt for produktdesign (PD) og Institutt for estetiske fag (EST) er vertskap. I spissen står professor Arild Berg.
– Konferansen set praktisk kunnskap og kreativitet på dagsordenen og korleis dette tek omsyn til kunstnarisk utviklingsarbeid og innovasjon, forklarer Berg.
– Digitaliseringa av samfunnet er ei moglegheit, men også ei utfordring for mange yrke.
– På konferansen kjem deltakarar frå heile Europa for å snakke om handverk, kunsthandverk, design og kunst - og korleis dette tek omsyn til kulturell berekraft og andre viktige verdiar i samfunnet.
– Den eine delen handlar om kulturarv og tradisjon og forholdet mellom verdiar som ligg i praksisbasert kunnskap, ny teknologi og handverk, seier Berg.
– Den andre delen om estetikken til materialet, og korleis materialitet bidreg til kommunikasjon og oppleving i kvardagen. Dette blir knytt til nye satsingsområde i EU, til dømes planen «New European Bauhaus», der berekraft blir kopla til estetiske omgivnader, inkludering og medverknad, og der folk flest blir involverte i byutvikling og samfunnsutvikling.
– Den siste delen av konferansen handlar om handverk og teknologi, fortel prosjektleiaren.
– Her ser vi bruk av Virtual Reality og mellom anna korleis glaskunst blir brukt i offentlege utsmykking verda rundt, i samarbeid med den tyske partnaren i Craft Hub, Glasmalerei Peters Studio.
Berg er også svært glad for å ha ein deltakar frå EU-kommisjonen på konferansen.
– Det er eit høgdepunkt og vil vise moglegheitene for handverk og kreativitet, kunsthandverk, kunst og design i ein forskingskontekst i EU, seier han.
![Eit tredimensjonalt arbeid i vev, der det blir danna eit mønster av firkantar i ulike fargar.](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/7/1/3/3/443317-1-nor-NO/0a2133da115c-kristine-boesen-photographs-2400.jpg)
Arbeid av Kristine Boesen
Lokale kunstnarar og designarar
I samband med konferansen er det også ei utstilling i OsloMet sitt eige galleri i Pilestredet park 33.
Utstillinga som har fått tittelen Transform, viser arbeid i eit stort spekter av materiale og teknikkar og blir opna av Tanja Storsul, prorektor for forsking og utvikling.
– Vi ønskjer å setje kunstnarisk utviklingsarbeid på dagsordenen og sjå dette i samspel med forsking på konferansen, understrekar Berg.
– Transform viser brei utforsking i kunst, handverk og kunsthandverk. Deltakarane er tilsette ved OsloMet knytt til Craft Hub. I galleriet vil det også visast ei digital utstilling frå utvalde kunstnarar i prosjektet.
Utstillinga er kuratert av Wenche Lyche(PD) og Siv Hofsvang (EST). Ho blir arrangert i samarbeid med OsloMet visningsarena, der Institutt for estetiske fag arbeider for å etablere fleire visningspunkt rundt om på campus Pilestredet.
![Ein hatt i ulike stoff og lyse fargar.](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/9/2/3/3/443329-1-nor-NO/e524ff07469a-mona-strand-2400.jpg)
Krage laga av Mona Strand
Særeigen verdi
På OsloMet er forskingsprosjektet Craft Hub forankra i forskingsgruppa «Design, kultur og berekraft» ved Institutt for produktdesign og Institutt for estetiske fag.
– Vi har oppnådd å samle kollegiet på tvers av ulike institutt ved Fakultet for teknologi, kunst og design og også andre fakultet på OsloMet, i eit felles prosjekt. Det er flott!
– I ei tid kor kunstig intelligens og digitalisering er det som ofte får mest merksemd, er prosjektet viktig, meiner Berg.
– Vi lever i ei tid kor mykje av det som skjer, går føre seg på skjermen. Etter koronaperioden opplevde mange kor djupkjende det er å kunne møte nokre ansikt til ansikt, eller å vere i eit rom saman med nokon og gjere noko praktisk.
– Dei estetiske faga har ein særleg verdi og ein særskild posisjon til å kunne forløyse ein heilt eigen type kompetanse, kunnskap og ferdigheiter i mennesket, avsluttar Berg.
![Ei dame held opp ei flate (eit glas?) i ulike kvitfargar og vi kan sjå handa hennar gjennom.](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/3/2/3/3/443323-1-nor-NO/907b15ab20f8-tyra-oseng-rees-2400.jpg)
Arbeid av Tyra Oseng Rees
Fakta om CraftHub
- Craft Hub er eit EU-prosjekt finansiert av Kreativt Europa
- Kreativt Europa er EUs program for kulturelt samarbeid
- Hovudformålet er å styrkje kulturelt samarbeid og mangfald i Europa
- Craf Hub-prosjektet blir leidd av Carlow County Council i Irland
- Forskingsprosjektet har fokus på handverk sett i lys av kulturarv og kva som kan vere den nye relevansen til handverksteknikkane i vår tid og i framtida
- Prosjektet har som mål å lage eit digitalt materialbibliotek, utstillingar og workshops
- Opning av utstillinga på OsloMet er 26. oktober og ho står til 2. november 2023 i galleriet i Pilestredet park 33
- Konferansen på OsloMet blir arrangert 26. og 27. oktober, og dessutan 1. november (online)
- Les meir om Craft Hub (crafthub.eu) (engelsk)
![Abstrakt broderi sydd med kvit tråd på kvit skai](https://www.oslomet.no/var/oslomet/storage/images/_aliases/tiny/5/3/3/3/443335-1-nor-NO/2c493d23e329-broderi-randi-veiteberg-2400.jpg)
Broderi av Randi Veiteberg Kvellestad