"Gutar og barnehage" (nhogeneo.no), eit rekrutteringsinitiativ frå NHO Geneo, inngår samarbeidsavtaler med ei rekke utdanningsinstitusjonar, blant dei OsloMet.
Samarbeidet skal bidra til å snu utviklinga ved å auke rekrutteringa til barnehagelærarutdanningane, barnehageyrket og synleggjere rollemodellar i barnehagesektoren.
– Norske barnehagar treng fleire dyktige og engasjerte tilsette som vil vere med på å utvikle framtidas barnehagar. Samtidig står sektoren overfor store rekrutteringsutfordringar. Konkurransen om arbeidskrafta er stor, søkartala til barnehagelærarutdanninga fell, og andelen menn i sektoren er låge. Derfor har vi tatt initiativet til «Gutar og barnehage», seier Karita Bekkemellem, administrerande direktør i NHO Geneo.
– Vi er veldig glade for at vi får så kompetente miljø med på laget i dette arbeidet. Eg er sikker på at dette samarbeidet vil gi solide resultat for barnehagebransjen, seier Tone Mila, fagsjef og prosjektleiar for «Gutar og barnehage» i NHO Geneo.
Får vere ein dag i barnehagen
«Gutar og barnehage» er eit prosjekt der 10. trinn ved ungdomsskolar over heile landet blir invitert til å vere ein dag i ein av NHO Geneo sine medlemsbarnehagar. Her får dei høve til å bli kjent med barnehagelæraryrket gjennom praktisk erfaring og innsikt i arbeidskvardagen, og samtidig utforske om dette kan vere ein aktuell yrkesveg.
Elevane vil i tillegg til dette, få høve til å besøke høgskolar og universitet i regionen sin for å høyre om barnehagelærarutdanninga. Her får elevane omvising, aktivitetar og møte med mannlege barnehagestudentar.
Synleggjering av mannlege rollemodellar
– Barnehagefeltet og barnehagelærarutdanningane deler den same utfordringa med rekruttering av barnehagelærarar til feltet og studentar til utdanningane, seier Kristin Danielsen Wolf, instituttleiar ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved OsloMet.
– OsloMet set stor pris på samarbeidet om auka rekruttering, som skal gi unge menneske moglegheit for erfaringar med arbeid i barnehagen, synleggjere noko av innhaldet i utdanningane og synleggjere mannlege rollemodellar i barnehagesektoren så vel som i barnehagelærarutdanninga.
På biletet: Kristin Danielsen Wolf ved OsloMet, Iselin Dagsdotter Sæterdal ved OsloMet, Tone Mila, fagsjef for barnehagar i NHO Geneo, og Elisabeth Almaz Berger Eriksen ved OsloMet.