Korleis jobbar forskingsgruppa design for helse?

Forskingsgruppa design for helse vart formelt oppretta i januar 2023. Dei er ei tverrfagleg gruppe som er knytt både til Fakultet for teknologi, kunst og design og Fakultet for helsevitskap.

Nenad Pavel er ei av to forskingsgruppeleiarar. Gruppa samlar internasjonale forskarar frå Singapore, Brasil og Finland, og dessutan medlemmer knytt til Norske helseinstitusjonar som Ahus og Sunnaas og helsetenestebedrifter i Norden.

Helsepilot midlar frå norsk forskingsråd 

Kva er det største forskingsstorhendinga i forskingsgruppa, viktig funn/publikasjon dei siste åra? 

– Så lenge har gruppa fått helsepilot midlar frå norsk forskingsråd og interne utviklingsmidlar frå OsloMet, fortel forskingsgruppeleiar Nenad Pavel 

Forskingsgruppa er i prosess med å tilsetja tre doktorgradsstudentar og ein postdoktor.  

Helsepilot prosjekt utforskar utvikling av løysingar for barn med sjeldne muskel- og skjelettsjukdommar.  

– To av doktorgradsstudentane våre skal jobbe med utviklinga av smart skoliosevest systemet for meir skreddarsydd behandling av barn med skoliose, fortel Pavel

Interne utviklingsmidlar er brukte for utforsking av moglegheiter ved VR teknologi i hjerneslag rehabilitering.  

Ein av doktorgradsstudentane skal jobbe med utvikling av VR løysinga for rehabilitering av barn etter ulykke.  

Gruppa har involvert lokale helseorganisasjonar og firma som driv med utvikling av helsetenester for å auke innovasjonspotensialet ved forskinga.  

Gruppa jobbar med utvikling av masterprogram design for helse på institutt for produktdesign. 

Innovasjon og forsking

Korleis jobbar de som gruppe?

– Gruppa er eit nettverk av forskarar, organisasjonar og næringslivet som legg til rette nye idear og samarbeid. Vi jobbar med å knyte kompetanse av fakultet for helsevitskap og fakultet teknologi, kunst og design for utvikling av brukarsentrert teknologi, fortel Pavel 

Resultatet er at gruppa jobbar med både innovasjon og forsking og har breitt utval av publiseringskanalar. 

Korleis kan de gjere ein forskjell?

– Helsetenester er i ein prosess av endring både på grunn av befolkningsaldring og økonomisk press på velferdsinstitusjonar. Teknologiske løysingar og sjukdomsførebygging er sett som løysing på desse utfordringane, fortel Pavel.

– For enkeltpersonar betyr dette ofte ein lang periode med før- og etterbehandlingsfasar der dei treng å takle restitusjonen åleine heime. Vi er opptekne av at teknologi som blir brukt i helsetenester skal gi meining til både pasientar og klinikarar og at han opplevast som nyttig og brukarvennleg, fortset Pavel.

Forskingsgruppa kan gjere ein forskjell ved å utvikle kunnskap om innovasjon i helsetenester og gi pasientane meir handlefridom.  

Auka fokus på feltet

Forskingsgruppa ønskjer å auke fokuset på feltet ved å bidra på fleire plan:  

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 20.10.2023 |