English version
Rektor Christen Krogh og KI Noreg-direktør Hans Christian Holte i samtale på scena.

DIGIT-konferansen: – Vi må få ned siloane og snakke med kvarandre

DIGIT-konferansen «Digital Pasts, Presents, and Futures: Human Consequences» samla i august akademia, næringsliv og offentleg sektor til diskusjon om korleis digitalisering og kunstig intelligens formar menneske, organisasjonar og samfunn.

Gjennom foredrag og samtalar diskuterte deltakarar frå blant anna Noreg, Tyskland, Japan, India, Polen og Storbritannia konsekvensane av digitalisering og korleis teknologi og samfunn blir forma av kvarandre. 

– Mange tenker at teknologi kjem rullande inn over samfunnet og tek over, men det finst ingen teknologi som er kulturnøytral. Teknologi er alltid skapt av nokon som ser eit problem frå ein bestemt stad og med bestemte erfaringar.,  seier professor Marit Haldar.

– Noko teknologi får aldri fotfeste nettopp fordi menneske, organisasjonar og kulturar gjer motstand,

Fører akademia saman

Konferansen er ein del av arbeidet til  Den nasjonale forskarskolen for digitalisering, kultur og samfunn (DIGIT), som samlar forskarar frå heile landet for å studere konsekvensane av digitaliseringa.

– Både DIGIT og denne konferansen opplevast som ei samlande oppleving internt i akademia, der mange institusjonar og ph.d..-studentar, postdoktorar og professorar bidrar saman, seier Tina Svingerud, som er administrativ koordinator for DIGIT.

Haldar påpeikar at akademia i stor grad er organisert rundt konkurranse. 

– Vi konkurrerer om forskingsmidlar, prosjekt og posisjonar. Derfor er det så verdifullt å oppleve forskarskolen som ein arena der folk faktisk samarbeider. Eg synest dette er noko av det beste Forskingsrådet har bidrege til: Eit langsiktig prosjekt som reelt fører akademia saman over mange år.

Marit Haldar bak ein talarstol.

Professor Marit Haldar leia konferansen. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Den nasjonale forskarskolen for digitalisering, kultur og samfunn (DIGIT)

DIGIT er eit samarbeid mellom åtte norske universitet, eit forskingsinstitutt og seks partnarar frå offentleg og privat sektor. OsloMet er vertskap.

Forskarskolen er støtta av Forskingsrådet og tilbyr eit toårig program av høg fagleg kvalitet og arbeidslivsrelevans for ph.d.-studentar eller postdoktorar registrerte ved norske universitet. 

Les meir om DIGIT (digitresearchschool.no).

Krevjande, men viktig samarbeid

Haldar meiner den store utfordringa er å kople kunnskapen som finst i akademia, tettare til samfunnet.

– Noreg investerer store ressursar i forskarutdanning, men vi er ikkje alltid like gode til å bruke denne kompetansen utanfor universiteta. Vi må få ned siloane og snakke med kvarandre.

DIGIT samarbeider derfor tett med offentlege verksemder og næringsliv.

– Konferansen synleggjorde dei ulike kulturane og rammene akademia, offentleg sektor og privat næringsliv arbeider innanfor. Dei har ulike perspektiv, mål og forventningar. Det gjer samarbeid krevjande, men også viktig, seier Svingerud.

Bendik Hofseth spelar saxofon.

Bendik Hofseth, musikar, komponist og professor ved Universitetet i Agder, opna konferansen med eit musikalsk innslag før han snakka om korleis KI endrar måten vi lagar og lyttar til musikk på. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

– Viktig å tenke saman

Haldar meiner konferansen viser at det går an å bygge bruer mellom sektorane.

– Toppleiarar både frå næringsliv og offentleg sektor tok seg tid til å lytte til det som blei sagt. Fleire snakka ærleg om det som ikkje fungerer og som er krevjande, ikkje berre om suksesshistoriene. Det syntest eg var verdifullt.

Ho seier DIGIT no haustar resultata av mange års arbeid. 

– Relasjonar må byggast over tid. Det er kanskje den viktigaste lærdommen frå denne konferansen: Skal vi forstå og handtere dei store konsekvensane av digitalisering og kunstig intelligens, må akademia, offentleg sektor og næringsliv faktisk bruke tid på å tenke saman.

Jeanette Pols på talarstolen.

Professor Jeanette Pols ved Universitetet i Amsterdam løfta fram at estetikk og korleis teknologi passar inn i kvardagslivet har mykje å seie for om vi opplever teknologien som god. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Forsking og samfunnsendring

Blant temaa på konferansen var korleis KI endrar måten musikk blir skapt og opplevd på, kor viktig estetikk er for at teknologi skal oppfattast som god, og korleis KI utfordrar etablerte førestillingar om undervisning. 

Gründerar som utviklar digitale løysingar for skole- og helse- og omsorgssektoren, fortalde dessutan om kor krevjande det er å få innovasjonar til å fungere på tvers av kommunar, sektorar og styringsnivå.

Ei av hovudtalarane var Hans Christian Holte, direktør for KI Noreg og tidlegare Nav-direktør. Han beskreiv korleis digitaliseringa av offentleg sektor har utvikla seg gjennom tre tiår, og korleis kunstig intelligens driv fram ein ny fase med rask samfunnsendring, som skaper utfordringar knytte til leiing, regulering og koordinering.

Entusiasme og skepsis til KI

DIGIT hadde oppstarten sin 30. november 2022. Same veke blei Chat GPT lansert.

– På det tidspunktet hadde dei færraste noko forhold til kunstig intelligens. I søknaden vår om å bli forskarskole, nemnde vi KI berre éin gong, forklarer Haldar.

På årets konferanse gjekk kunstig intelligens igjen som tema i nesten alle diskusjonar.

– Alle har eit forhold til KI og bruker det på ein eller annan måte, men samtidig ser vi ei sterk spenning mellom entusiasme og skepsis, også i akademia, seier Haldar.

– Det er ingen som fullt ut forstår konsekvensane av kunstig intelligens enno. Derfor treng vi leiarar som kan vise retning og skape tryggleik utan å late som om dei har alle svara.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 08.09.2026 | Kristine Welde Tranås