Portrett av Clara Julia Reich.

Første doktor i innovasjon for berekraft

Clara Julia Reich skal forsvare avhandlinga si for doktorgraden i innovasjon for berekraft ved OsloMet 16. januar. Dette er den aller første disputasen på ph.d.-programmet som blei etablert i 2022.

Reich er tilsett ved ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO og ph.d.-kandidat ved Fakultetet for teknologi, kunst og design. Ho forskar på kva rolle digitale medium speler i oppveksten til barn og unge. Reich har blant anna intervjua 12-åringar og familiane deira om kva som gjer at dei kjenner tilhøyre til menneske, stader og ting. 

– Eg har forska på den digitale kvardagen til barn og unge. I avhandlinga har eg undersøkt korleis barn i alderen 10-13 skaper tilhøyrsel i kontekst av sosiale medium og kva rolle forbruk speler, fortel Reich.  

– Metodologisk har eg valt ei barnesentrert tilnærming og gjennomført 51 intervju med 40 barn på aust og vestkanten i Oslo og tre fokusgrupper. Avhandlinga mi er artikkelbasert og består av tre artiklar pluss samanfatninga av doktorgradsarbeidet, forklarer ho. 

Stort for programmet 

Førsteamanuensis Hanne Cecilie Geirbo ved fakultetet for teknologi, kunst og design er programansvarleg for ph.d.-programmet innovasjon for berekraft (PINS).  

– Claras disputas er ein stor dag for PINS-programmet! seier Geirbo. 

– Arbeidet med å utvikle dette programmet starta for mange år sidan, og no kan vi feire at vi har vår første doktor i innovasjon for berekraft!   

– Det å gjennomføre ei doktorgrad krev at ein står på over fleire år, gjennom oppturar og nedturar, så eg vil gjerne få gratulere Clara: Snart kan du feire at du står i auditoriet som ekspert på ditt felt! 

Portrett av Hanne Cecilie Geirbo.

Førsteamanuensis Hanne Cecilie Geirbo er programansvarleg for ph.d.-programmet i innovasjon for berekraft ved OsloMet. Foto: Sonja Balci

Tverrfagleg og prosjektorientert  

– Ph.d.-programmet er tverrfagleg og rettar seg mot kandidatar som har bakgrunn i design, kunstfag, humaniora, samfunnsvitskap, humanistisk orientert informasjonsteknologi og liknande, forklarer Geirbo.   

– Programmet har også kandidatar med ingeniørvitskapleg bakgrunn som jobbar med tverrfaglege problemstillingar som krev andre tilnærmingar enn realfaglege metodar. 

Berekraftsperspektivet var ein av grunnane til at Reich søkte programmet.  

– PINS-programmet var eit fint val på grunn av berekraftsperspektivet til programmet, det tverrfaglege miljøet og prosjektorienteringa. Det har vore spennande å bli kjent med dei andre stipendiatane og deira arbeid, fortel ho.  

– På SIFO er eg ein del av forskingsgruppa teknologi og berekraft, men vi samarbeider på tvers av forskingsgruppene. Eg er så heldig å ha flinke kollegaer, eit utruleg fint stipendiatmiljø og mange som har heia på og støtta meg undervegs.  

Krevjande og spennande 

Reich synest stipendiatperioden har gitt mange spennande, interessante og gode opplevingar. 

– Det har vore ei positiv overrasking kor opne og fine barna og deira føresette var i intervjusituasjonen, og eg har hatt så mange inspirerande samtaler, fortel ho.  

– Det var også stas at kollegaene mine og eg i samband pliktarbeidet, fekk ein del mediemerksemd og at arbeidet vårt blei brukt inn i politiske prosessar på nasjonalt og internasjonalt nivå.  

– Som stipendiat har eg også vore ein del av DIGIT forskarskolen, av praksisteorigruppa leidd av Arve Hansen, eg har vore på utveksling på Southern Center for Digital Transformations i Italia, på sommarskole ved Oxford Internet Institute og i tillegg har eg deltatt på mange spennande konferansar i Noreg og utlandet.  

– Det har vore veldig lærerikt å presentere og diskutere eiga forsking, få nye perspektiv og ikkje minst bli godt kjent med forfattarane bak artiklane eg las. Når eg ser tilbake er eg utruleg takksam for innsatsen så mange legg ned for stipendiatar og unge forskarar, seier ho.  

Kom på disputas 

No er den aller første PINS-kandidaten straks i mål. 

– Akkurat no er eg veldig spent korleis disputasen kjem til å bli, og eg gleder meg til å markere dagen med gode kollegaer, venner og familie, smiler Reich. 

– Etter disputasen skal eg saman med nokre kollegaer, ferdigstille ein rapport om merkeordning av retusjert reklame og perspektiv på KI-generte personar i reklame, finansiert av Barne- og familiedepartement. Så ventar det nokre skriveprosjekt og eg håpar å få vere med på konferansar i år, fortel ho.   

Reich har også ei oppfordring til oss alle:  

– Hald eit auge på disputasane i tida framover, for stipendiatkollegaene mine har gjort utruleg mykje spennande arbeid! 

Les meir om Reich, programmet og forskinga 

Publisert: 13.01.2026 | Hilde M. Kringeland | Foto: Sonja Balci