41 kandidatar har gjennomført forskarutdanning ved OsloMet mellom 4. november 2024 og 5. mai 2025. Desse blei heidra under ein høgtideleg seremoni på Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo 3. juni.
Rektor Christen Krogh leia seremonien, og gratulerte dei nye doktorane med graden og innsatsen for å bringe ny kunnskap ut i samfunnet.
– Utdaningane og forskinga ved OsloMet treff samfunnet breidt og bidrar til utvikling av velferdstenester, innovasjon og verdiskaping. Doktorgradene dykkar representerer dette viktige bidraget, sa rektor til dei nyslåtte doktorane.
Les meir på ansatt.oslomet.no