Forskarar sit ved bordet medan Siw held foredrag ved skjermen inst i rommet.

Eiga forskingsgruppe for teknologi og innovasjon i organisasjonar og samfunn

OsloMet har fått ei forskingsgruppe som skal utforske korleis teknologi og innovasjon kan bidra til å byggje berekraftige, inkluderande og robuste organisasjonar og samfunn.

Dette skal gjerast gjennom tverrfagleg forsking.

Forskingsgruppa «TIOS – Technology and Innovation in Organisation and Society» har allereie samla over 20 forskarar frå ulike fagfelt, inkludert informatikk, samfunnsvitskap, innovasjonsstudiar, forretningsutvikling og berekraftsforsking.

I tillegg samarbeider dei også med forskarar frå Handelshøgskolen ved OsloMet og Institutt for sosialfag, og med eksterne partnarar frå nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.

Det som gjer TIOS unik, er den tverrfaglege tilnærminga. Teknologi åleine kan ikkje løyse komplekse samfunnsutfordringar. Vi må også forstå dei sosiale, etiske og organisatoriske aspekta, går det fram av søknaden om oppretting av den nye forskingsgruppa.

I følgje leiar for forskingsgruppa, Siw Fosstenløkken, var det viktig å skape ei felles plattform:

– Vi hadde behov for å samle oss, særleg fordi vi er såpass multidisiplinære, både fagleg og metodisk.

– Og så ønskjer vi å få meir trykk på forskinga. Og det kan vi få til ved å samarbeide og stå saman om prosjekt.

Brei, samfunnsrelevant forskingsagenda

TIOS har ein brei forskingsagenda som inkluderer både grunnleggjande og anvende tema, som  

Gruppa kombinerer kvalitative og kvantitative metodar – frå intervju og deltakarorientert design til dataanalyse og statistisk modellering – for å forstå komplekse sosio-tekniske fenomen frå fleire perspektiv.

Ved å integrere desse metodane kan forskingsgruppa medverke til å skape djup innsikt og generaliserbar kunnskap som kan støtte dei som skal ta avgjerder.

Strategiske satsingar og internasjonale samarbeid

TIOS har allereie sikra finansiering frå strategiske forskingsmidlar ved Institutt for informasjonsteknologi. Midlane er brukte til eit «kickoff»-seminar som samla nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, inkludert forskarar frå Spania, Italia og Belgia.

Gruppa er i gang med å byggje nettverk og leggje grunnlaget for framtidige forskingsprosjekt. Dei jobbar med søknadar til fleire finansieringskjelder.

Vil bli ein attraktiv arena for unge forskarar

TIOS har som mål om å bli ein attraktiv arena for doktorgradsstipendiatar og postdoktorar.

– Eit av fokusområda våre er å skape eit godt miljø for unge forskarar. Vi ønsker å trekkje til oss talent, og gje dei eit sterkt fagleg og sosialt fundament for karrieren, seier Fosstenløkken.

Det er eit viktig poeng at gruppa skal bli ein god heim for doktorgradsstipendiatar og postdoktorar.

– Å etablere ei gruppe som har høve til å ta i mot nye stipendiatar, er viktig for rekruttering og for miljøet.

Det er alt tre stipendiatar med i gruppa, og forskingsgruppa håpar på fleire etter kvart.

Digital teknologi for berekraftige samfunn

Gjennom forsking og samarbeid med offentlege institusjonar, næringsliv og sivilsamfunn, skal gruppa utvikle kunnskap og løysingar som kan fremje berekraftige og verdiskapande organisasjonar og samfunn.

Visjonen til gruppa er å bli ein leiande aktør innan forsking på digital teknologi og innovasjon, og vere med på å bidra til å byggje eit samfunn som er både berekraftig og inkluderande.

– Det er alt lagt mykje arbeid i å forankre gruppa, slik at alle som er med står bak dette initiativet, og har ei felles forståing av kven vi er, og kva vi har lyst til å gjere. Sjølv om vi forskar på mykje ulikt, har vi likevel denne felles paraplyen, avsluttar Fosstenløkken.

Biletet øvst i artikkelen er frå «kickoff»-seminaret.

Vil du vite meir om TIOS?

Vil du vite meir om korleis TIOS kan bidra til verdiskaping og berekraftige samfunn? Ta kontakt for meir informasjon.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 08.10.2025 | Olav-Johan Øye