Dei nasjonale sentera skal forske på korleis kunstig intelligens (KI) påverkar samfunnet, utvikle teknologien og styrke innovasjon og verdiskaping i næringsliv og offentleg sektor.
Regjeringa har sett av minst ein milliard kroner over fem år til forskinga i sentera.
– Dette er svært gode nyheiter, gratulerer til alle involverte i fagmiljøa ved både OsloMet og SimulaMet, seier rektor ved OsloMet, Christen Krogh.
– KI-sentera er eit viktig og nødvendig løft for forsking på kunstig intelligens og kva konsekvensar teknologien kan ha, seier Tanja Storsul, prorektor for forsking og utvikling ved OsloMet.
Meir om dei fem sentera OsloMet og SimulaMet er forskingspartnar i (ansatt.oslomet.no).