English version

Formidlingsprisvinnar: – Eg har aldri vore flink, men eg er kreativ

Portrett av Ingun Grimstad Klepp

«Vinneren av årets formidlingspris er ingen nykommer. Gjennom en imponerende karriere har kandidaten utmerket seg som en av Norges fremste forskere og formidlere på sitt felt,» skriv OsloMet sin jury om Ingun Grimstad Klepp, professor i klede og berekraft ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du da du fekk beskjeden?

– Eg vart overraska – ikkje over at eg fekk prisen, men over at eg fekk han no. Eg formidlar nemleg mindre i Noreg no enn tidlegare. Men eg bruker mykje tid på å gje innspel til dei som utviklar verkemidla i EUs berekraftspolitikk.

– Kvifor formidlar du mindre i Noreg?

– Fordi eg har blitt for vanskeleg og norsk miljøjournalistikk for enkel. Vi treng å snakke om andre ting enn at ungdom handlar brukt eller at det er opna ein ny bruktbutikk. Miljøproblema er alvorlege og krev løysingar, ikkje koseprat.

– Kva ligg bak engasjementet ditt?

– Eg skjønte allereie som barn at ressursar vart dårleg brukte. Det mest påfallande, var at var med på ein reketrålar og såg all bifangsten dei kasta. Då tenkte eg at dette måtte vere gale. Når det gjeld klede, har eg vore interessert i det så lenge eg kan hugse, og spesielt i tråd. Det er utruleg alt du kan gjere med ein tråd!

Vi lagar ei verd som er for lita, medan vi har så store moglegheiter. Det gjeld alt frå metodiske problem i forskinga til små utfordringar i kvardagen. – Ingun Grimstad Klepp

– Kven er du, sånn elles?

– Eg er energisk, og eg kan vel også bli oppfatta som ganske original. Det kjem mellom anna av at eg er veldig, veldig ordblind, og også talblind. Eg har nokon absolutte hindringar, som det er vanskeleg for andre å forstå korleis det er å leve med. Eg ville til dømes aldri ha kome inn på gymnaset, men heldigvis fanst det som heitte forsøksgym. Slik gjekk eg gymnaset som privatist.

– Korleis har hindringane prega deg?

– Eg har aldri vore flink og kjem aldri til å bli det. Eg er derimot uvanleg kreativ. Det gjer at eg har funne andre løysingar. Og så er eg glad i å arbeide! Eg fiskar all fisken vi et i familien, eg syr både mine eigne klede og andre sine, eg strikkar, sankar og gjer gardsarbeid.

– Kva er du mest stolt av?

– Eg er ein ganske stolt person, kanskje fordi det er så mykje eg ikkje kan, og da blir eg stolt og glad når eg klarer ting. Eg er stolt når eg står framfor ei forsamling, fordi eg ofte klarer å fange interessa. Som kraftig ordblind er eg også like stolt kvar gong noko eg har skrive, står på trykk. Eg er stolt når eg føler meg fin i ein av kjolane eg har laga. Men aller mest stolt er eg nok av sonen min.

– Kvifor har du brukt så mykje tid på formidling?

– Eg ønskjer å bidra. Det kan også vere at eg er stolt av at eg har noko å bidra med. Og så kan det hende at eg, iallfall delvis, gjer det fordi eg synest det er gøy. 
 
– Kva råd vil du gje til andre?

– Det må vere å løfte blikket. Det er som om vi heile tida lagar gjerder og boksar som er altfor tronge. Vi lagar ei verd som er for lita, medan vi har så store moglegheiter. Det gjeld alt frå metodiske problem i forskinga til små utfordringar i kvardagen.

– Kva vil du jobbe med framover?

– Eg har nettopp avslutta to forskingsprosjekt og fått midlar til eit nytt, «Grønt blod». Der skal vi jobbe med ein av dei norske minoritetane, den skogfinske kulturen, og undersøke korleis klede kan bidra til at vi opplever natur og landskap på ein annan måte. Dermed skal eg slutte å banke hovudet i ein politikk som ikkje lar seg rikke, men heller begynne å byggje kunnskap som kanskje kan føre til endring på sikt.