Studentane blei inviterte inn i ei ordinær samhandlingsøving for nødetatane. Øvinga er del av eit nytt samarbeid mellom OsloMet og Vestre Viken HF.
Bakgrunnen er at rykk‑ og krisejournalistikk blei innført i den nye programplanen for journalistikkutdanninga ved OsloMet hausten 2024.
– Dette har vi ønskt oss lenge. Studentane treng å øve på reelle situasjonar for å vere klare når det skjer i verkelegheita, seier universitetslektor Mathias Falch.
Må trene på tempoet i bransjen
Undervisarane peikar på at tempoet til media har auka kraftig det siste tiåret. Informasjon er venta raskt, presist og kontinuerleg.
– Dette tempoet må studentane få trena på for å vere klare for arbeidslivet, seier førsteamanuensis Terje Lindblom.
– For oss som utdanningsinstitusjon, er det viktig å kople oss endå tettare på bransjen og dei forventingane som ligg der, seier universitetslektor Karianne Steinsland.
Studentane fikk trene på både å ta bilder, gjere intervju og gjennomføre direktesendingar. Foto: Terje Lindblom
Trena på kaotisk angrepsscenario
I øvinga hadde ein mann væpna med kniv gått til angrep på fleire personar i eit bygg i Hønefoss sentrum. Scenarioet blei gjennomført fleire gonger, og studentane fekk trena på å sette opp utstyr raskt, ta bilde, gjere intervju og gjennomføre simulerte direktesendingar.
– Vi får ikkje til å lage slike realistiske øvingar sjølv på universitetet. I felt må studentane navigere i situasjonen, jobbe tett med nødetatane, verifisere informasjon og handtere presset som oppstår, seier Lindblom.
Terje Lindblom og fotojournalistikkstudentar Foto: Privat
– Lærerikt og litt skummelt
Ada Foss Osmundvåg var ein av studentane som var med.
– Dette var både gøy, lærerikt, utfordrande og litt skummelt, seier ho.
Ho kjenner seg meir førebudd på ein reell krisesituasjon etter øvinga.
– Det er så uoversiktleg, så det er fint å lære om kva ein bør gjere for eiga sikkerheit og kva jobben vår som journalistar faktisk er i ein slik situasjon.
Ho trekker også fram betydninga av samfunnsoppdraget til journalistikken.
– Som journalist trur eg ein kan kjenne seg litt overflødig og i vegen i slike situasjonar, men i eit historisk perspektiv kan det vere viktig både for nødetatane og samfunnet elles med god dokumentasjon frå slike hendingar.
Frå null til tusen på éin dag
– Studentane har gått frå null til tusen i læring og erfaring berre på denne eine øvinga. Mot slutten var dei på nivå med mange profesjonelle journalistar, seier Lindblom.
– Det er gøy å sjå sjølvtillita vekse, og øvinga gav mange gode etiske diskusjonar, seier Falch.
Øvinga blei halde berre få dagar før studentane skulle ut i praksis i to veker.
– Vi veit at det fort kan skje uventa hendingar i løpet av ein slik praksisperiode, og vi vil ikkje sende dei ut heilt grøne. Så vi er glade for at vi fekk til dette i forkant, seier Lindblom.
Alle deltakarane frå nødetatane og OsloMet samla. Foto: Terje Lindblom
Viktig med medietrening for nødetatane
Øvinga gav også nødetatane høve til å øve på å kommunisere og handtere media i ein pressa situasjon.
– Vi er opptatte av å bygge gode relasjonar mellom våre tilsette og media. Forstår vi kvarandres roller og grenser, blir informasjonen meir korrekt og samarbeidet betre ute i felt. Vi ser fram til vidare samarbeid, seier Hege Frostad Dahle, kommunikasjonssjef i Vestre Viken HF.
– I ei tid med fallande tillit og auka kaos, er dette viktigare enn nokon gong, så vi er svært glade for dette samarbeidet. Vi planlegg ei større øving for alle andreårsstudentar til hausten, seier Steinsland.
Sidan i fjor har dessutan førsteårsstudentane ved journalistutdanninga hatt ei fast veke med breaking-journalistikk i internpraksis i samarbeid med politiet.