Og kva som skal til for at slike prosjekt lukkast.
Nye typar bustadprosjekt
Med finansiering frå Husbanken skal NIBR, i samarbeid med NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, samle ny kunnskap om korleis strategisk bebuarsamansetjing kan fungere som eit verkemiddel i bustad- og velferdspolitikken.
Prosjektet blir leia av Gro Sandkjær Hanssen ved NIBR.
– Vi ser at mange kommunar ønskjer å skape inkluderande bumiljø, men dei manglar ofte eit tydeleg kunnskapsgrunnlag for kva som faktisk verkar, seier Sandkjær Hanssen.
Ho legg til: – Dette prosjektet skal bidra til å avklare kva konkrete forhold som må vere på plass for at slike bustadprosjekt skal gi gevinst for bebuarane og lokalsamfunnet.
Kva legg til rette for gode kvardagsmøte?
Prosjektet vil studere erfaringar frå bustadprosjekt der ulike grupper bur saman i same område eller bygg. Forskarane vil sjå nærare på:
- Fysiske forhold: Utforming av bygg, fellesareal og møteplassar som kan fremje sosial kontakt på tvers av grupper.
- Sosiale forhold: Korleis bebuarsamansetjing påverkar trivsel, livskvalitet, tryggleik og moglegheiter for å delta i lokalsamfunnet.
- Rammevilkår: Regelverk, finansieringsordningar og kommunen si rolle som anten mogleggjer eller bremsar slike initiativ.
– Vi må forstå kva designgrep, kva typar fellesfunksjonar og kva slags oppfølging som faktisk legg til rette for gode kvardagsmøte og sosial støtte på tvers av bebuargrupper, seier prosjektleiaren.
Ho understrekar òg betydninga av offentleg forvalting og styringssystem:
– Kommunane sit med nøklane i mange av desse prosjekta. Korleis dei bruker regelverk, tilskot og planverktøy kan vere avgjerande for om prosjekta lukkast eller strandar.
Studerer ulike bustadprosjekt
Prosjektet byggjer på ei omfattande litteraturstudie og ein kvalitativ casestudie av ti bustadprosjekt. Dette skal gi eit heilskapleg bilete av både moglegheitene og barrierane for strategisk bebuarsamansetjing.
– Vi ønskjer å høyre frå bebuarar, kommunar og bustadaktørar. Kva fungerer? Kva fungerer ikkje? Og kva skal til for å skape varige, positive effektar? seier Sandkjær Hanssen.
Resultata skal gi eit kunnskapsgrunnlag som kommunar, bustadbyggjarar og statlege aktørar kan bruke i vidare utvikling av inkluderande bustadpolitikk.
Prosjektperiode og omfang
- Prosjektperiode: 9. januar – 30. juni 2026
- Finansiering: Husbanken
- Samarbeidspartnar: NTNU