Nærbilde av Emily Mary Weitzenboeck og Rebecca Schmidt

Handelshøgskolen er med i nytt nasjonalt senter for kunstig intelligens

TRUST skal forske på korleis kunstig intelligens kan utviklast og brukast på ein trygg og ansvarleg måte.

Konkurransen var hard då KI-milliarden til regjeringa skulle fordelast. Forskingsrådet fekk 50 søknader frå over 600 aktørar om å bli nasjonalt forskingssenter for kunstig intelligens.

Eitt av dei nye KI-sentera er The Norwegian Centre for Trustworthy AI (TRUST), leidd av Universitetet i Oslo. Blant deltakarane er professor Emily Mary Weitzenboeck og førsteamanuensis Rebecca Schmidt ved Handelshøgskolen ved OsloMet.

– Vi er svært glade for å vere ein del av dette viktige prosjektet, seier Weitzenboeck.

KI må vere trygg, rettferdig og lovregulert

TRUST har som mål å utvikle eit tverrfagleg kunnskapsgrunnlag for korleis kunstig intelligens kan utviklast og brukast på ein trygg, ansvarleg og berekraftig måte.

– Vi ønsker å bidra til at framtidas KI-system blir nøyaktige, rettferdige og godt regulerte, seier Schimdt.

– Når kunstig intelligens får ei sentral rolle i politikkutforming, helsevesen og rettsvesen, er det heilt avgjerande at vi kan stole på at systema gir påliteleg informasjon, påpeikar Weitzenboeck.

– Samtidig må teknologien operere innanfor rammene av gjeldande lover om personvern, menneskerettar og berekraft, seier Schmidt.

Forsking på tvers av fag og sektorar

TRUST samlar forskarar frå teknologi, filosofi, juss og samfunnsvitskap for å utforske teknologiske løysingar og samfunnsmessige konsekvensar. Senteret er eit tett samarbeid mellom akademia, forskingsinstitutt, næringsliv, offentleg sektor og sivilsamfunnet.

– Teknologi påverkar alle delar av samfunnet. I TRUST skal vi samarbeide på tvers av faggrenser for å kunne skape ny kunnskap saman, forklarer Weitzenboeck.

– Det er ein stor styrke at det er så mange partnarane frå både offentleg og privat sektor. Det gir oss høve til å jobbe med konkrete og relevante problemstillingar, meiner Schmidt.

Spisskompetanse på jus og teknologi

Weitzenboeck og Schimdt er del av arbeidet på senteret med juss og samfunnsvitskap og skal bidra med kompetansen sin om samspelet mellom jus og teknologi.

Schimdt har spisskompetanse på regulering av ny teknologi og følgjer utviklinga av EUs KI-forordning tett. Weitzenboeck fører med seg solid erfaring innan GDPR, personvern og reguleringsteori.

– Vår del av prosjektet handlar om å undersøke korleis lover og reguleringar påverkar utviklinga og bruken av KI-system, seier Weitzenboeck.

– Dette er eit veldig attraktivt senter å delta i for oss juristar. Det gir eit stort fagleg miljø og samarbeid med juristar med ulike kompetanse og frå dei fleste universiteta i landet, understrekar Schimdt.

– Vi håpar dette vil opne for meir nettverksbygging og nye forskingsmoglegheiter, seier Weitzenboeck.

Les meir om TRUST på Universitetet i Oslo sine nettsider.

Frå OsloMet deltar også professor Anis Yazidi ved Fakultet for teknologi og design og førsteamanuensis Anders Strand ved Senter for profesjonsforsking.

Publisert: 23.06.2025 | Kristine Welde Tranås | Foto: Kristine Welde Tranås