Portrettbilete av forskaren Sveinung Legard som ser inn i kameraet og smiler.

Skal undersøke innbyggarmedverknad i stor skala

Har du nokon gong lurt på kva som vil skje viss folket blir gitt makt til å bestemme direkte over politikken? Det skal eit nytt forskingsprosjekt undersøke.

Mange vil seie at dette er ein rein fantasi, og at ein slik type direkte eller deltakande demokrati aldri kan fungere i store og komplekse samfunn som vårt eige. Dette synet er ikkje berre utbreidd i allmenta, men også djupt forankra i samfunnsvitskapane. 

Men stemmer det?

Avgjerder i fellesskap

Eit nytt prosjekt ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Handelshøyskolen på OsloMet skal likevel studere eksempel frå nær fortid der svært mange menneske har fått makt til å ta avgjerder i fellesskap, og dermed utfordra dette synet.

– Vi vil blant anna undersøke samanslutningar av jordbrukskollektiv i India, arbeidarstyrte bedriftskonglomerat i Spania, og digitale plattformer som engasjerer hundretusenvis av menneske i Taiwan eller Europa, seier Sveinung Legard ved NIBR.

Saman med Sissel Hovik frå Handelshøyskolen ved OsloMet skal han tråle internasjonale databasar som omtaler eksempel på innbyggarmedverknad i stor skala, for å undersøke kor godt desse fungerer.

Med støtte frå OsloMets satsing «Eit slitesterkt demokrati» har prosjektet fått 582 950 kroner, og skal gå frå august 2026 til juni 2027.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 18.08.2026 | Kristin Horn Talgø