Portrett av Carl Thodesen

Innovasjonsdistriktet NODE60 etablert i Lillestrøm

OsloMet er partnar i det nye innovasjonsdistriktet NODE60 i Lillestrøm.

– Vårt bidrag blir å kople forsking, akademisk kunnskap og studentar saman med næringsliv og offentleg sektor. Målet er å styrke omstillingsevna, verdiskapinga og den regionale konkurransekrafta, seier prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid på OsloMet, Carl Christian Thodesen.

40 aktørar frå næringsliv, akademia, forsking og offentleg sektor skal samarbeide om innovasjonsdistriktet. Arbeidet blir leia av Kunnskapsbyen Lillestrøm med prosjektleiar Even Sand.

NODE60 byggjer på regionale styrkar innan dei tre pilarane helse, energi og sikkerheit og beredskap. Visjonen er å være et førebilete for tverrfagleg innovasjon der ein skapar, testar og deler løysningar for framtida.

Les meir om prosjektet (ansatt.oslomet.no)

Publisert: 11.02.2026 | Ståle Grøtte