English version

Innovasjonsprisvinnar: – Eg tenkte først: «Nei, har dei tatt feil?»

Portrett av Tulpesh Patel

Tulpesh Patel, førsteamanuensis ved Fakultet for teknologi, kunst og design, har ifølgje juryen «utmerket seg som en drivkraft for å koble studenter til virkelige problemstillinger i næringslivet. Ved å utvikle og lede emnene under paraplyen «Praktisk IT-prosjekt» har kandidaten ikke bare fulgt, men gått langt utover hva arbeidsbeskrivelsen hans tilsier».

– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du då du fekk beskjeden?

– Eg tenkte først: «Nei, har dei tatt feil?» Eg veit ikkje om eg har gjort noko som fortener prisen.

– Fortel om prosjektet ditt!

– Det begynte med eitt emne for fem studentar, der dei skulle få praksiserfaring før dei skreiv bacheloroppgåve. Så balla det på seg. No har vi ni ulike emne under ein felles paraply, og kvart semester har vi 20 samarbeidsprosjekt med næringslivet, både med oppstartsbedrifter og etablerte verksemder. Rundt 100 ingeniør- og datastudentar tar emna kvart år. 

– Og du tenkte at du ikkje fortente ein pris?

– Nei, eg gjer berre jobben min. Og det har vore kjempegøy!

Vi må prøve å bryte ned skiljet mellom teori og praksis i alle fag der det går an – då vil læringsutbyttet for studentane bli større. – Tulpesh Patel

– Kva tilbakemeldingar får du frå studentar og oppdragsgjevarar?

– Eg er veldig fornøgd med tilbakemeldingane. Studentane set pris på at dei jobbar med reelle prosjekt og får arbeidserfaring, med eit støtteapparat rundt seg. Når det gjeld oppdragsgjevarar, er det mange som tilbyr prosjekt om igjen. Men sidan vi også har ein del oppstartsbedrifter, fell ein del også frå, naturleg nok.  

– Kven er du, sånn elles?

– Eg er fødd i Storbritannia av indiske foreldre og flytta til Noreg på grunn av kona mi, som er norsk. Vi har to barn og bur i Lørenskog. Eg er glad i å springe, og når det passar med barnehagelevering, spring eg til jobb.

– Kor langt er det?

– 16,5 kilometer. Det er trening, åleinetid og tanketid.

– Kva meir liker du å gjere?

– Eg er veldig glad i mat og har ofte med ting eg har laga, til jobben. Nyleg laga eg karamellisert traktkantarell. Du kunne fått ein smakebit, men det blei tomt i går. Og så er eg glad i å vere ute! Eg plukkar sopp og går i skogen. Eg har dessutan ein avtale med kona om at eg søv ute i telt eller hengekøye kvar veke, så sant det passar. Av og til tar eg med barna.

– Kva ligg bak engasjementet ditt?

– Fagfeltet mitt er nevropsykologi, men eg er opptatt av undervising og pedagogikk. I tekniske fag er det éin ting å løyse teknologiproblem, ein annan ting er å prøve å skape eit betre samfunn. Ein av tankane bak «Praktisk IT-prosjekt» er at du, viss du får erfaring frå reelle prosjekt, også vil stille deg meir kritisk til den teknologien vi omgir oss med.

– Kvifor er det slik, meiner du?

– Viss du kjem som ny inn i eit prosjekt, kan det hende du vil arve dårleg kode eller dokumentasjon som må tolkast, ryddast eller kanskje til og med kastast for å kome vidare. Ein del prosjekttilbydarar har heller ikkje teknisk bakgrunn sjølve, men dei ønskjer seg ei teknisk løysing. Då må studentane setje seg inn i verda til kunden, forstå behova og stille dei rette spørsmåla. For eksempel: Alle vil ha ei chatbot-løysing for tida, men treng dei verkeleg det?

– Kva råd vil du gje andre?

– Eg vil rå undervisarar til å støtte opp om alle typar initiativ som får studentane ut i praksis. Dette gjeld ikkje berre dei faga der praksis allereie er ein naturleg del av studieløpet. Vi må prøve å bryte ned skiljet mellom teori og praksis i alle fag der det går an – då vil læringsutbyttet for studentane bli større.