Utsikt mot Pilestredet 35 frå gata. Det er byggeaktivitet, solskin og sommar med grøne tre.

Institutt for bygg- og energiteknikk toppar poenglista

– Det er svært gledeleg at Institutt for bygg- og energiteknikk (BE) toppar lista over publiseringspoeng per fagleg årsverk ved OsloMet i 2025, seier instituttleiar Yonas Zewdu Ayele.

Publiseringspoenga som syner vitskapleg publisering per fagleg årsverk, er tilgjengelege i Database for statistikk om høgare utdanning.

BE kjem best ut av institutta ved Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD), og betre enn snittet for dei andre fakulteta, med 1,87 poeng per fagleg årsverk. Berre Senter for profesjonsforsking kjem betre ut.

Brei og målretta forsking

– Resultatet speglar ein brei og målretta forskingsinnsats ved instituttet, der vi har tilsette som jobbar aktivt i fleire sterke forskingsgrupper innan mellom anna transport og mobilitet, konstruksjonsteknikk, berekraftig bygd miljø, geoteknikk og bygnings- og vassteknologi, seier Ayele.

– I tillegg bidreg laboratoria ved instituttet til at vi kan drive forsking av høg kvalitet, tett kopla til praksis og samfunnsutfordringar. Dette er eit resultat alle ved BE og TKD kan vere stolte av, og det motiverer oss til å halde fram med det gode arbeidet.

Hardt arbeid og fruktbart samarbeid

– Det er svært hyggeleg å sjå at fagmiljøa ved BE held fram med å lukkast med forsking og publisering, seier dekan ved TKD, Laurence Habib.

– Dette er resultatet av hardt arbeid og fruktbart samarbeid med viktige fagmiljø nasjonalt og internasjonalt, og med industrien.

– Publisering og formidling er eit satsingsområde ved fakultetet TKD, og det er gledeleg at fagmiljøa våre utmerkjer seg på begge områda.

Her kan du sjå nærare på tala for vitskapleg publisering (dbh.hkdir.no).

Satsar på tverrfagleg forsking

Ayele seier avslutningsvis at BE ser fram til å byggje vidare på posisjonen dei har fått gjennom vidare satsing på tverrfagleg forsking og tett samarbeid med næringsliv og samfunn.

Vil du vite meir om forskinga ved instituttet? Besøk nettstadene til BE, eller ta kontakt med ei av forskingsgruppene ved instituttet.

Kontakt

Laster inn ...

Meir frå Institutt for bygg- og energiteknikk

Samarbeider med leiande universitet om berekraftige material og infrastruktur

Institutt for bygg- og energiteknikk tek viktige steg mot samarbeid med dei verdsleiande universiteta MIT og University of Toronto.

Portrett av Aryan Rezaei Rad, Marianne Hatzopoulou, Yonas Zewdu Ayele og Marianne Touchie
Byggingeniørstudentane får bransjeleiande verktøy

Utstyret frå Trimble skal nyttast i undervisning og forsking. Ein ny femårig avtale sikrar vidare drift og utvikling av Trimble Technology Lab ved Institutt for bygg- og energiteknikk ved OsloMet.

Porrett av Kajenthan Kugasanth og Karam-Khan ved arbeidsstasjonene i Trimble Lab.