Intervju med programleiar Jonas Debesay

Fakultet for helsevitskap har nyleg tilsett professor Jonas Debesay som programleiar for ph.d.-programmet i helsevitskap.

I tillegg har fakultetet hausten 2023 revidert programplanen for ph.d. i helsevitskap for å inkludera fagmiljøet i åtferdsanalyse. Frå 1. januar 2024 tek fakultetet opp kandidatar på det reviderte programmet. 

Eit ph.d.-program som er relevant for mange profesjonar

Ph.d.-programmet i helsevitskap er OsloMets største ph.d.-program.

Programmet rekrutterer mange kandidatar og har relevans for mange helserelaterte prosjekt og helseprofesjonar.

Den nye leiaren er mest stolt over at det er ein høg del stipendiatar som gjennomfører på normert tid.

– Erfaringa mi er at prosjekta er godt dimensjonerte, det er gode rettleiarar og dyktige stipendiatar, seier Debesay.

Ein smidig overgang

I lys av samanslåinga mellom ph.d. i åtferdsanalyse og ph.d. i helsevitskap vil ein av Debesays mest sentrale oppgåver vera å sørgja for god samkøyring av rutinar og ein smidig overgang for stipendiatar og fagmiljøet mellom programma. 

– Det viktigaste blir å sikra at programmet held høg fagleg standard på forskinga som blir utvikla og undervisninga som blir tilboden, seier Debesay. 

Programleiaren gler seg mest til å følgja med på utviklinga av dei spennande og varierte stipendiatprosjekta, og få høve til å bli kjend med stipendiatane og rettleiarane.

– Det blir spennande å bidra til utvikling av våre ph.d.-emnar slik at omsynet til høgt fagleg nivå, god undervisning og samfunnsaktualitet blir vareteken, fortset Debesay.

Tips til nye og erfarne ph.d.-kandidatar

Debesay oppmodar alle nye kandidatar til å bruka den første tida til å bli godt kjent med rettleiar og rettleiarteamet.

Han framhevar viktigheita av å tidleg snakka om forventningar ein har til kvarandre og prosessen i avhandlingsarbeidet.

– Avklar korleis rettleiing skal vera og kva som er forventa av dei ulike aktørane, utdjupar Debesay.

Bruk moglegheita til å presentera og få innspel på ulike delar av avhandlingsarbeidet ditt i forskingsgruppa.

Det er viktig å halda kontakten med ein eller fleire av medstipendiatar under heile ph.d prosessen, og ikkje nøla med å ta kontakt med ph.d rådgivarar eller programleiaren dersom det er behov.
 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 23.01.2024 |