Ulva Essaoueira Løland-Gundersen går tredje året på lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, design, kunst og handverk. Ho er ein del av studentteamet som står bak ei omfattende kursrekke i haust.
– Vi arrangerer blant anna kurs i saum, keramikk, tekstiltrykk, grafikk, drama, improteater, måle og teikne-kveldar og kroki, fortel ho. Og sesongbaserte tilbod som juleverkstad og Halloween-workshop.
Gøy å lære vidare
Sjølv er Ulva kurshaldar for keramikk-kurset og assistent på fleire.
– Kursa er ein fin måte å synleggjere kva vi driv med på instituttet og vise at vi som studerer her har brei kunnskap om ulike felt og teknikkar.
– Og så er det veldig gøy å kunne jobbe med å lære vidare noko som ein sjølv er glad i å gjere, smiler Ulva.
Alle i teamet studerer ved Institutt for estetiske fag.
– Vi går på ulike studieprogram og kan bidra med mykje kunnskap på tvers. Det tar vi med oss når vi held kurs.
Gratis og ope for alle
Kurs og workshopar er gratis, opne for alle og blir haldne på OsloMets campus i Pilestredet. Nokon kurs er for nybegynnarar, andre for deltakarar med litt meir erfaring.
– Alle er velkomne, forklarer Ulva. Folk i alle aldrar, folk på OsloMet og dei utanfor universitetet. Og vi ønsker oss endå fleire elevar frå vidaregåande skole, seier ho.
Skisser frå krokikveld. Foto: Studentteamet
Veldig populært
Fleire har oppdaga tilbodet og kursa blir fort fylte opp.
– Heklekurset og dramakursa har vore veldig populære. Og det er mange som er med på saum og kroki òg, seier ho.
Sjølv har Ulva vore med på fleire kurs, både som assistent og deltakar, i tillegg til dei ho held sjølv.
– Det var veldig gøy å arrangere målekveld der vi følgde ein Bob Ross video. Der fekk alle meistringskjensle, smiler ho.
– Og eg var med på det første heklekurset, der vi lærte å hekle clutch. Det var kjempehyggeleg og vi fekk garn, bøyel, kaffi, te og kjeks. Vi snakka og koste oss heile kvelden.
Ut av komforsona
Om du skulle meldt deg på eit kurs no, kva ville du valt?
– Eg hadde tatt eit av impro-kursene, sjølv om det betyr at eg kanskje må litt ut av komfortsona, seier ho.
– På desse kursane både møtes både folk med dramaerfaring og nybegynnarar som synest dette er skummelt. Deltakarane lærer ulike måtar å bevege seg på og morosame leikar.
– Det er fleire i studentteamet som arrangerer desse kursa og dei er kjempeflinke og veit kva dei driv med, roar Ulva.
– Eg har vore assistent på desse kursa og går alltid ut med ein lett, trygg og leiken kjensle.
Glimt frå eit av dramakursa. Foto: Studentteamet
Betydning for miljøet
Ulva håpar at kursa skal bli eit fast tilbod framover.
– For meg personleg er dette ein veldig fin jobb ved sida av studiane. Eg får arbeide med noko eg trivst veldig godt med i eit fantastisk team.
– Og det er jo eit supert tilbod til Oslo-bebuarar. Her kan folk komme på kurs fleire gonger i veka og alt er gratis! Det er ikkje verst.
Instituttleiar Liv Dahlin har det overordna ansvaret og ho er veldig fornøgd med studentteamet sitt.
– For meg er det viktig at kursa er studentdrivne og at vi gjennom slike aktivitetar kan bidra til trivsel og aktivt studiemiljø på OsloMet. Vi ser at kveldskurs for studentane, i regi av studentane sjølv, har ei betydning for livet på campus og at det kan føre til eit styrkt fagleg fellesskap.
– Tilbodet er også viktig for å synleggjere dei estetiske faga og gi andre utanfor instituttet høve til å vere med på spennande kurs, meiner ho.
Eit fast tilbod
Og Liv kan gle Ulva og alle andre som håpar tilbodet blir oppretthalden.
– Vi arbeider no med både å utvide tilbodet, men også å styrke koordineringa og organiseringa for kunne sikre vidare drift av desse.
– Vi har lyst til at dette skal bli noko varig som kjem både studentane og lokalmiljøet rundt OsloMet til gode.