Portrettbilete av forskaren Sveinung Legard som ser i kamera og smiler.

Kan KI gje barn og unge sterkare stemmer i byutviklinga?

Korleis kan kunstig intelligens gjere det lettare å høyre barn og unge i kommunale planprosessar? Det skal forskarar ved NIBR utforske i eit prosjekt som kombinerer teknologi, medverknad og byutvikling.

Prosjektet tek utgangspunkt i Barnetråkk. Det er eit digitalt verktøy som samlar inn barn sine opplevingar og ønskje for nærmiljøet. Prosjektet har fått støtte frå OsloMet og varer ut 2025.

Målet er å utvikle KI-baserte metodar som kan analysere korleis desse innspela faktisk blir behandla i reguleringsplanar, og om dei får reell betydning for utbyggingane som følgjer.

– Vi ønskjer å utvikle verktøy som gjer det lettare for kommunane å kontrollere om interessene til barn og unge faktisk er ivaretekne i planforslag, seier prosjektleiar Sveinung Legard. 

Han legg til:

– Det handlar om å gjere medverknad til meir enn berre ein formalitet. Barnetråkk kan gje verdifulle data, og vi ønskjer å sjå om  dei kan bli brukte på ein måte som har innverknad.

Kommunane sine behov

Prosjektet skal samarbeide med Oslo og Lillestrøm, to av OsloMet sine universitetskommunar, for å teste metodane i praksis.

Gjennom kvalitative analysar, intervju med planleggjarar og læringsverkstader skal forskarane sikre at KI-modellane gir innsikt som stemmer med røyndomen i kommunane.

– Vi er opptekne av å finne ut kva behov kommunane har og ikkje har for å ta i bruk ny teknologi for å vurdere plansaker, seier Legard.

– Difor er dialogen med kommunane heilt sentral i prosjektet.

På sikt håpar forskarane å utvide prosjektet til fleire kommunar og landsdelar, og planlegg å søkje midlar frå Forskingsrådet sitt program «Areal under press».

Prosjektteamet har kompetanse innan både kartdataanalyse og maskinlæringsassistert tekstanalyse, og ser moglegheiter for å styrke demokratisk medverknad gjennom smart bruk av teknologi.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 19.08.2025 | Kristin Horn Talgø