Målet er å utvikle ei masterutdanning som styrker sjølvstendig klinisk vurdering, avgjerdstaking og samhandling hos erfarne prehospitale klinikarar.
– I Noreg finst det ein tverrfagleg master i Prehospital Critical Care ved Universitetet i Stavanger som rettar seg mot fagutvikling og forsking. Ønsket vårt er å opprette ein klinisk mastergrad i prehospital akuttmedisin som rettar seg direkte mot utøvande klinikarar, forteller fungerande avdelingsleiar Astrid Karina Harring.
– Saman vil desse to utdanningane utfylle kvarandre og bidra med kandidatar som på kvar sin måte styrker det prehospitale akuttmedisinske feltet, seier Harring.
Målgruppa er erfarne klinikarar som for eksempel jobbar ved
- ambulanse og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK)
- ambulanse- og redningshelikopter
- legevakt og legevaktsentral
- forsvaret
- offshore eller tilsvarande verksemder
- andre tenester som handterer udifferensierte akutt sjuke og skadde pasientar utanfor sjukehus
Positive effektar på kvalitet, pasientflyt og ressursbruk
Den akuttmedisinske kjeda opplever ein vedvarande auke i førespurnader, samtidig som tenestene blir utfordra av rekrutteringsvanskar og mangel på erfarent personell.
Helsepersonellkommisjonen, Ekspertutvalget for allmennlegetenesta og Nasjonal helse- og samhandlingsplan, og dessutan fleire rapportar frå Nasjonalt kompetansesenter for prehospital akuttmedisin peikar samstemte på fleire sentrale utviklingstrekk som:
- ei aldrande befolkning med meir samansette og komplekse behov
- auka kommunalt ansvar for avanserte helsetenester
- overføring av oppgåver frå spesialisthelsetenesta til kommunane
- framskrivingar som viser redusert tilgang på helsepersonell i åra som kjem
– Desse rapportane understrekar behovet for systematisk fagutvikling, nye kompetansemodellar, betre oppgåvedeling og utvikling av avanserte kliniske roller som kan bidra til berekraftige tenester, seier Harring.
Samtidig rapporterer arbeidsgivarar og fagforeiningar om at mangelen på tydelege kliniske karrierevegar etter grunnutdanning gjer det krevjande å behalde erfarne personell i pasientnære roller.
– Ei masterutdanning i avansert prehospital akuttmedisin adresserer både kompetansebehovet i tenestene og behovet for langsiktig rekruttering og stabilitet, seier Harring.
Internasjonale erfaringar viser at etablering av avanserte kliniske roller innan prehospital akuttmedisin gir positive effektar på kvalitet, pasientflyt og ressursbruk.
– Det foreslåtte masterprogrammet bygger på dei internasjonale erfaringane, og blir tilpassa norske rammer, reguleringar og tenestestrukturar, opplyser Harring.
Om prosjektet
Stiftelsen Norsk Luftambulanse har finansiert utgreiingsarbeidet.
Prosjektet er i ein kartleggings- og konseptutviklingsfase, og har brei medverknad frå praksisfeltet. Det er etablert ei referansegruppe med representantar frå nasjonale kompetansesenter, arbeidsgivarar, brukarrepresentantar, fagforeiningar og interesseorganisasjonar.
– I tillegg er det innhenta råd frå internasjonale ekspertar innan avansert klinisk praksis, blant anna frå England, Canada og Australia, seier Harring.
Innan første kvartal 2026 vil prosjektgruppa gjennomføre ein behovs- og interesseanalyse blant arbeidsgivarar og moglege søkarar. Vidare vil gruppa utarbeide forslag til programplan, kostnadsestimat for ulike driftsmodellar og ferdigstille ein etableringssøknad.
Etableringssøknaden blir behandla av dekan ved Fakultet for helsevitskap, før eventuell vidare behandling i utdanningsutval og universitetsstyre ved OsloMet. Endeleg avgjerd om etablering fattast av universitetsstyret.
Dersom studiet blir godkjent som eit fullverdig masterprogram, er tidlegaste forventa studentopptak hausten 2028.
– Sjølv om det er stor interesse er det ikkje sikkert at vi kan starte opp. Dette er kostbart, og må driftast i balanse. Det er uansett viktig at vi undersøkjer grundig, noko denne kartlegginga bidrar til, avsluttar Astrid Harring.