Korleis påverkar klimaendringar menneske som allereie står i sårbare livssituasjonar? Og korleis arbeider norske kommunar med å førebygge, handtere og følgje opp sosial sårbarheit i møte med naturhendingar og ekstremvêr?
– Vi veit at klimaendringane ikkje rammar alle likt. Dei som allereie er utsette sosialt, økonomisk eller helsemessig, kan bli endå meir sårbare når ekstremvêret treff, seier prosjektleiar Gro Sandkjær Hanssen.
Ei heilskapleg analyse av kommunane sitt arbeid
Prosjektet skal kartleggje korleis norske kommunar arbeider med sosial klimasårbarheit i alle fasar av beredskapsarbeidet: førebygging, planlegging, akutt innsats, krisehandtering og gjenoppretting.
Dette blir gjort gjennom:
- ei omfattande litteraturstudie
- analyse av planverket til 55 kommunar
- ei casestudie av fire kommunar
- intervju med nasjonale nøkkelinstitusjonar som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og statsforvaltarar.
– Vi ønskjer å forstå både kva som allereie blir gjort, og kvar det finst kunnskapshol og praktiske utfordringar, seier Sandkjær Hanssen.
Ho legg til: – Kommunane står i førstelina når ekstremvêr rammar. Difor er det avgjerande å få fram korleis dei planlegg, samordnar seg og samarbeider med lokale aktørar. Det er òg viktig å vite meir om kva slags støtte dei treng, og korleis samarbeidet med statlege aktørar fungerer i praksis.
Meir kunnskap om sårbare grupper
Røde Kors har lenge løfta fram kor viktig det er å sjå klima og sosial sårbarheit i samanheng. Ekstremvêr kan råke menneske med låg inntekt, dårleg helse, avgrensa mobilitet eller svakt sosialt nettverk ekstra hardt.
– Målet er å gje Røde Kors og andre beredskapsaktørar eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne gje målretta innsats mot dei som treng det mest, understrekar Sandkjær Hanssen.
Prosjektperiode og omfang
- Prosjektperiode: 27. januar – 15. juli 2026
- Finansiering: Røde Kors
- Samarbeidspartnarar: Fakultet for samfunnsvitskap ved OsloMet