Ein forteljar i aksjon.

Historier som formar – konferanse om barn, unge og munnleg forteljing på OsloMet

OsloMet inviterer til gratis heildagskonferanse 18. mars med forteljarfrukost, faglege innlegg, introduksjonskurs og panelsamtale med elevar frå Gamlebyen skole.

Forteljingar er med på å forme oss som menneske. Forteljingar vi høyrer påverkar kjensler, val og verkelegheitsoppfatning. Dei kan bidra med viktig innsikt og medkjensle for andres erfaringar og opplevingar. 

– På konferansen undersøker vi krafta til forteljinga og rolle i barns liv, fortel Sara Birgitte Øfsti Nesje, førstelektor ved Institutt for estetiske fag ved OsloMet og utøvande forteljar.  

– Kva forteljingar gir mot, uthald og håp for framtida? Kva forteljingar fortel vi? Og korleis fortel vi i møte med barn – forteljarens beste, men også mest kritiske publikum?  

Barn treng gode forteljingar 

– Munnleg forteljarkunst vender seg til den indre førestillingsevna vår. Gjennom orda, lydane og det vi ser blir bilde skapte i fantasien, seier Øfsti Nesje. 

– Forteljingar tolkar verda, livet og relasjonar mellom menneske. Forteljingane bidrar til å skape ein grunnmur og eit utgangspunkt for korleis vi møter andre, ser situasjonar og hendingar.  

– Å lytte til andres erfaringar er det nærmaste vi kan komme å erfare sjølv. Derfor er det viktig at barn får forteljingar som bidrar til empati og forståing for både det som er annleis og det som liknar eins eige.  

– Forteljingar og forteljarar fenger fordi det handlar om menneske og situasjonar vi kjenner igjen. Dei gamle mytane og eventyra er jo mest av alt ei slags komprimering av gjenkjennelege konfliktar, trøblete relasjonar, smarte og dumme folk, og handtering av livet.  

– Gode forteljingar for barn grip oss vaksne òg, fordi dei ofte er ei slags karikert utgåve av vårt eige liv og ting vi balar med, smiler ho. 

Sara Birgitte Øfsti Nesje fortel.

Sara Birgitte Øfsti Nesje fortel under feiringa av 150-årsjubileet til Institutt for estetiske fag i Oslo rådhus. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Eit lite fag med stor kraft 

Bak konferansen står Institutt for estetiske fag ved OsloMet og alumniforeningen Fortellerne. 

– Munnleg forteljarkunst er eit lite fag. Å vere utøvande forteljar er eit typisk solo-yrke, forklarer Øfsti-Nesje.  

– Vi står aleine på scena, vi skaper ofte våre eigne tekster, og kan vere ansvarleg for alle ledd i ein produksjon.  

– Derfor må vi sjølv ta ansvar for å samle fagfeltet for å støtte, inspirere og vidareutdanne oss sjølve. Vi ønsker at fleire skal få auga opp for krafta i forteljingar og korleis vi kan vere klar over kva og korleis vi bruker forteljingar. 

– Når vi no inviterer til konferanse, ønsker vi å samle alle som jobbar med og for barn! Konferansen er for alle som har interesse for forteljingar, enten det er som litteratur, munnleg forteljing, teater eller andre formar. Den er open og gratis, så deltakarane kan velje om dei vil vere med på alt eller berre delar av programmet. 

Elevar frå Gamlebyen skole deler erfaringar på OsloMet 

Konferansen samlar forteljarkunstnarar og fagpersonar som bruker forteljingar i arbeid med barn, for å dele innsikter og erfaringar. Dagen byr på både erfarne utøvarar og unge stemmer.  

Er det noko du vil framheve eller noko du gleder deg spesielt til?  

– Eg gleder meg sjølvsagt til alt, men vil trekke fram panelsamtala med elevane frå Gamlebyen skole.  

– Skolen har eigen forteljar, og i staden for å få ein av lærarane til å seie noko om erfaringane til elevane med å bli fortalde for, skal dei få ordet sjølv.  

– Eg gleder meg også til å høyre om ulike studentprosjekt og ikkje minst til å høyre Wenche Viktorsdatter Paulsen som opnar konferansen. Paulsen er ny sjef på Riksteateret og seier vi må snu hierarkiet som prioriterer vaksne framfor barn. Barna må takast vare på, få gode erfaringar og glede over livet - det er også ein samfunnsøkonomisk gevinst med tanke på førebygging. 

Konferansen innleier med “Forteljarfrukost“, og avsluttar med eit gratis introduksjonskurs i munnleg forteljing for nybegynnarar. 

Program for konferansen

Toppbiletet viser forteljar Borghild Otelie Aasebøstøl i aksjon. Foto: Litteraturhuset i Oslo

Laster inn ...
Publisert: 13.03.2026 | Hilde M. Kringeland