– Altfor mange elevar opplever i dag lite meistring i skolekvardagen, og vi ser utfordringar med både skulking, ufrivillig fråvær og fråfall i vidaregåande, seier Cecilie Pedersen Dalland, professor ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning.
Ho meiner det er eit stort behov for å gjere skolen meir relevant, praktisk og engasjerande for dagens elevar.
– Dette er ikkje berre eit pedagogisk spørsmål, det er også eit spørsmål om inkludering og sosial utjamning.
Kva kan styrke motivasjonen og meistringa til elevane?
Allereie i 2019 peika Stoltenbergutvalet (regjeringen.no) på at mange elevar, særleg gutar, fell frå fordi skolen ikkje blir opplevd relevant. Læreplanane som kom med Fagfornyelsen i 2020, legg opp til ein meir praktisk skole.
Vidare understrekar Stortingsmeldinga En mer praktisk skole: Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn (regjeringen.no) frå 2024 viktigheita av å gjere skolen meir praktisk og engasjerande for elevane.
Korleis får vi til dette i praksis? Dette spørsmålet vil OsloMet-forskarar løfte under Arendalsveka 2025.
– Vi ønsker å rette søkelyset mot kva vi faktisk kan gjere for å styrke motivasjonen og meistringa til elevane, ikkje berre kva som ikkje fungerer, seier Dalland.
– Vi må utvikle skolen i takt med behovet i samfunnet
Marit Lensjø, førsteamanuensis ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning, meiner ein meir praktisk skole kan gi fleire elevar høve til å lære på eigne premissar.
– Når praktisk kunnskap blir nedprioritert, fell mange utanfor. Det kan vere elevar som lærer best med kroppen, sansane og gjennom å skape. Ein teoritung skole går utover motivasjonen deira, meistring og psykiske helse, seier Lensjø.
Ho meiner dette er paradoksalt i ei tid der samfunnet roper etter fagarbeidarar.
– Dette handlar om å utvikle skolen i takt med behovet i samfunnet og, ikkje minst, framtida til elevane. Vi treng ikkje berre fleire akademikarar, vi treng også folk som bygger, reparerer og tar vare på viktige funksjonar i kvardagen vår.
Lensjø meiner at ei moglegheit er å gjere arbeidslivsfag obligatorisk for alle elevar på ungdomsskolen. Dette blir støtta av Eva Lutnæs, professor ved Institutt for estetiske fag.
– Arbeidslivsfag kan bli ein stolt og synleg del av profilen til grunnskolen som gir alle elevane praktiske, yrkesnære erfaringar, seier Lutnæs.
– Det vil gi viktig yrkesførebuande kompetanse enten elevane skal vidare på yrkesfaglege eller studieførebuande utdanningsprogram.
– Det handlar om å legge til rette undervisninga
Silje Hølland, førsteamanuensis ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, meiner at skolen ikkje nødvendigvis er for teoritung, men at ein meir praktisk skole handlar om å legge til rette undervisninga ut frå behovet til elevane, heilt frå første klasse.
– Det handlar om det som faktisk skjer i klasserommet når elevane har fag som norsk, matematikk, samfunnsfag, engelsk og naturfag. Her må vi ta i bruk meir praktiske arbeidsformer og varierte læringsaktivitetar. Det betyr meir prosjektarbeid, samarbeid og aktiv læring, seier Hølland.
Dalland meiner også at skolen i større grad må kople teori til praksis, og gi elevane høve til å lære gjennom å gjere.
– Dette krev endringar i både innhald, metode og vurderingsformer. Lærarane må få tid og rom til å planlegge og gjennomføre undervisning som engasjerer og motiverer, seier ho.
– Det handlar også om å anerkjenne ulike former for kompetanse – ikkje berre det som blir talt og målt.
Hølland og Dalland peikar på uteskole, prosjektarbeid og temabasert undervisning som gode verkemiddel for å auke engasjementet til elevane og styrke fagleg og sosial læring.
Debatt 11. august under Arendalsveka
På arrangementet En mer praktisk skole – hva skal til? (arendalsuka.no) innleier Marit Lensjø, Eva Lutnæs, og Silje Hølland om denne tematikken.
I paneldebatten deltar Kirsti Klette, professor ved Universitetet i Oslo, Jon Rogstad, forskar ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA, Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap), statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Sebastian Ytrevik (Frp), andre nestleiar i FpU og kommunestyrerepresentant i Larvik kommune og Martine Løkken Svendsen, leiar i Elevorganisasjonen.
Ordstyrar er Cecilie Pedersen Dalland.
Sjå også informasjon om arrangementet på Facebook: En mer praktisk skole – hva skal til? (facebook.com).