Portrettbilete av forskaren Marianne Millstein som ser i kamera og smiler.

Kva betyr likestilling i praksis for Norfund?

Eit forskingsprosjekt ved NIBR skal undersøkje korleis Norfund arbeider med likestilling i investeringane sine i det globale sør, og kva for dilemma som kan oppstå.

Norfund er statens investeringsfond for utviklingsland, og har eit tydeleg mandat om å bidra til berekraftig utvikling.

– Likestilling er ein viktig del av dette, men det er ikkje alltid like enkelt å omsetje ambisjonar til praksis, seier prosjektleiar Marianne Millstein.

Prosjektet skal sjå nærare på korleis Norfund integrerer likestilling i det strategiske arbeidet sitt, og i konkrete prosjekt. Det er finansiert av Utanriksdepartementet og varer til november 2025.

Ved sida av å studere et utval av investeringar, skal forskarane og undersøkje erfaringar frå tilskotsordninga Business Support, med fokus på kapasitetsbygging i utvalde afrikanske land.

– Vi ønskjer å forstå korleis Norfund arbeider med likestilling i ulike kontekstar, og kva for verkemiddel som faktisk fungerer. Samstundes er vi opptekne av å identifisere barrierar og dilemma som kan oppstå, seier Millstein.

Lokal tilpassing er viktig

Likestilling er eit tverrgåande tema i norsk utviklingspolitikk, men i praksis må det ofte balanserast mot andre omsyn. Det kan vere omsyn som høg investeringsrisiko, lokale normer og behovet for langsiktig endring.

– Det finst ingen éin løysing som passar alle. Difor er det viktig å få innsikt i korleis Norfund tilpassar seg ulike lokale forhold, og korleis dei vurderer kva som er mogleg å oppnå på kort og lang sikt, forklarar Millstein.

Prosjektet kombinerer dokumentstudium med intervju av Norfund-tilsette, selskap og samarbeidspartnarar i felt. Funna skal òg diskuterast i lys av nyare forsking på ansvarleg næringsliv og investeringar i det globale sør, der likestilling er eit tema som får stadig meir merksemd.

– Vi håpar prosjektet kan bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for korleis likestilling kan fremjast gjennom investeringar, avsluttar Millstein.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 19.08.2025 | Kristin Horn Talgø