Prosjektet «The Real Effects of Financial Shocks on Short-run and Long-run Entrepreneurial Decisions» har fått støtte frå Finansmarknadsfondet, som ligg under Forskingsrådet.
– Vi skal finne ut kva barrierar som hindrar folk i å bli gründerar, seier prosjektleiar Kizkitza Biguri ved Handelshøgskolen ved OsloMet.
Noreg ligg på botn
Noreg har hatt ein jamn nedgang i entreprenørskap gjennom mange år. Det er det same bildet i andre land, men Noreg ligg heilt i botnen når det gjeld etablering av nye bedrifter samanlikna med land vi vanlegvis måler oss mot.
– Det er overraskande, for Noreg har sterk økonomi og solide institusjonar, og folk har god tilgang til finansiering, seier Biguri.
Ho vil finne ut kvifor det skjer og korleis vi kan snu trenden.
– Entreprenørskap er viktig fordi det skaper jobbar, fremmar innovasjon og bidrar til langsiktig økonomisk vekst. Då må vi vite korleis ulike barrierar påverkar kven som tør å satse, ser ho.
Økonomiske sjokk
Prosjektet skal avdekke ut korleis økonomiske sjokk i marknaden, som brå endringar i bustadprisar, oljeprisar eller valutakursar påverkar moglege gründerar. Slike omveltingar kan gjere det vanskelegare og meir risikabelt å starte ei bedrift.
Forskarane skal undersøke korleis det påverkar kven som blir gründerar, kva typar bedrifter som blir etablerte, og kva dette betyr for jobbar, innovasjon og økonomien generelt.
Bustad- og oljeprisar
Høge bustadprisar heng saman med finansiering av nye bedrifter. Eigar du ein bustad som aukar i verdi, kan du bruke han som grunnlag for finansieringa av prosjektet ditt.
– Men vi veit lite om korleis stigande bustadprisar i samspel med mangel på eigedom, kan hindre entreprenørskap, seier Biguri.
Og når det oppstår endringar i oljeprisen, er det nokon bransjar som slit meir enn andre.
– Det kan legge ein dempar på nye idear og investeringar, og det påverkar i kva bransjar vi får nye bedrifter.
Det grøne skiftet
Prosjektet skal spesielt sjå på korleis store økonomiske endringar heng saman med Noregs omstilling til ein meir berekraftig økonomi.
– Grøne og teknologiske oppstartsbedrifter er viktige for framtidas økonomi. Vi vil finne ut korleis vi kan styrke dei
Kva kjenneteiknar ein gründer?
Forskarane skal også studere kva som kjenneteiknar norske suksessfulle gründerar.
– Vi må forstå kva som gjer nokre gründerar til vekstskaparar og kva eigenskapar dei har, for å kunne støtte dei og stimulere til meir innovasjon, seier Biguri.
Ho håpar resultata frå prosjektet vil gjere at dei kan komme med konkrete politiske råd om kva som skal til for å gjere det enklare å starte bedrifter og styrke Noregs grøne omstilling.
– Vi skal bidra til målretta tiltak som støttar oppstartsbedrifter med stort potensial, og gjere ordningane meir effektive enn dei er i dag, og tilpassa ulike typar entreprenørar.