Studentar på campus under studiestart

Kva råd kan du gi ungdommen om utdanning?

Akkurat no sit tusenvis av ungdommar og prøver å bestemme seg for kva dei skal bli, og tusenvis av ivrige foreldre prøver å gi dei gode råd om kva dei skal velje. Mitt beste råd er å ikkje gi fleire råd enn ungdommen er klare for.

Sjølv har eg tre ulike roller å gi råd frå: Som professor i utdanningsforsking, som prorektor på universitetet OsloMet, og som mamma til min eigen tenåring som går ut av vidaregåande denne våren.

Råd frå professorrolla

Om eg skal gi råd om utdanningsval ut frå rolla mi som professor, har eg lyst til å minne om at utdanning har noko å seie for livet du får. Utdanning betyr sjølvsagt ikkje alt: Mange får spennande moglegheiter utan lang utdanning, og å ta utdanning er heller ingen garanti for verken jobb eller eit langt og lykkeleg liv.

Likevel: når vi ser på dei store tala har utdanning framleis betydning. Om du tar utdanning, har du lågare sjanse for å bli arbeidsledig, større sjanse for god helse, og i hovudsak også større risiko for å tene godt. Statistisk sentralbyrå bereknar kva du kan vente å tene i løpet av heile yrkeslivet, som betyr at dei tar høgde for at dei med lang utdanning kjem seinare i gang med å jobbe.

Portrett av Silje Fekjær

Prorektor Silje Fekjær deler sine råd til ivrige foreldre. Foto: Sonja Balci

Framleis er det dei som har master eller ph.d.-utdanning som i gjennomsnitt tener mest. Dei som har grunnskole eller vidaregåande tener i snitt mindre. Men forskjellane er vel så store mellom faga: Om du er opptatt av kva du kjem til å tene, bør du sjekke ut snittlønna for det faget du vel.

Forskinga har også vist at utdanning er viktigare for nokre grupper enn for andre. I ein del mannsdominerte yrke kan du tene relativt bra med kortare utdanning, som fleire av handverkarutdanningane. I yrke der kvinner er i fleirtal er det færre slike moglegheiter for å tene godt med kort utdanning.

Tilsvarande ser det ut til at det å ta utdanning kan vere viktigare for unge med innvandrarbakgrunn. Ei solid utdanning i botn ser ut til å fjerne mykje av dei ekstra hindringane unge med innvandrarbakgrunn kan møte i arbeidsmarknaden. Legar og tannlegar tener for eksempel like godt uavhengig av om dei har innvandrarbakgrunn eller ikkje.

Råd frå prorektorrolla 

Som prorektor vil eg gjerne få fram at nokre utdanningar er ein sikrare veg inn i arbeidslivet enn andre, og at vi i stor grad kan gjette kva utdanningar det blir bruk for. Eit gjennomgåande trekk er at profesjonsutdanningar som oftast gir ein trygg arbeidsmarknad. Litt enkelt forklart er ei profesjonsutdanning ei høgare utdanning som kvalifiserer deg til eit bestemt yrke. Tannlege, lege, barnehagelærar, sosionom, sjukepleiar, lærar og vernepleiar er alle profesjonsutdanningar.

Dette er utdanningar der dei aller fleste har gode moglegheiter for å få jobb. Det er også yrke som gir deg trygge jobbar gjennom heile livet, også viss livet ditt tar nokre uventa vendingar. Kanskje får du behov for å flytte på deg fordi kjærasten din er i ein annan by, eller du vil heim til staden du vaks opp. Kanskje kjem det periodar i livet der du har vore sjuk eller hatt omsorgsoppgåver heime. Med ei profesjonsutdanning kan du flytte på deg, du kan byte jobbar og du kan ofte komme tilbake i arbeidslivet sjølv om livet ikkje har gått heilt på skjener.

Eit vanleg råd å gi ungdommen er at dei skal velje med hjartet, for ingen veit kva utdanningar vi treng i framtida. Tja. Statistisk sentralbyrå har i over tretti år forska på kva yrke vi kjem til å trenge i framtida, og i tretti år har dei treft rimeleg bra. Sjølvsagt finst det unntak, ingen kan spå heilt nøyaktig kva jobbar det kjem til å bli behov for. Men å tru at det er fullstendig bingo kva yrke som kjem til å gi jobb er naivt. Dei store linjene ligg fast og har gjort det lenge.

Det er for eksempel rimeleg trygt å gå ut frå at det blir bruk for folk i helsetenestene i Noreg. Framskrivingar om morgondagens arbeidsmarknad er som vêrmeldingar: Dei er ikkje alltid heilt presise, men treffer veldig ofte. Så kan du sjølvsagt velje å gå ut utan regnfrakk likevel, og satse på ei utdanning med usikker arbeidsmarknad. Eg heiar gjerne på unge som veit kva dei gjer og vågar å gå ut utan regnfrakk! Men som prorektor vil eg også bidra med å fortelje ei ærleg historie om det dei vel.

Råd frå mammarolla

Mammarolla er kanskje den vanskelegaste rolla å gi råd ut frå. Eg får så inderleg lyst til å verne dei frå alt som kan bli vanskeleg. Den overbeskyttande mammaen i meg vil gjerne rope at nokre vegar er tyngre enn andre. Klart du kan velje kva du vil, klart du kan ombestemme deg. Men nokre vegar krev mykje innsats for å lykkast, og omval gjer vegen tyngre.

Fingrane unna utdanningsvalet til ungdommen! Det er det viktigaste rådet eg vil gi til foreldre. – Silje Fekjær

Sjølv slutta eg med matte og brann bokstavleg talt matteboka mi etter førsteklasse på vidaregåande. Det sjokkerte foreldra mine og var vellykka som ungdomsopprør. Men sidan eg mesteparten av livet har jobba med statistikk, hadde jo vegen blitt litt enklare om eg droppa den bokbrenninga. Tilsvarande er ikkje løpet køyrt for å bli ingeniør sjølv om du kuttar ut matte og fysikk på vidaregåande. Det finst forkurs og andre omvegar, men det kjem til å bli tyngre enn om du har med deg realfaga frå vidaregåande.

Eg prøver å sitte på hendene mine og stoppe den overivrige, beskyttande mammaen. Fingrane unna utdanningsvalet til ungdommen! Det er det viktigaste rådet eg vil gi til foreldre. Blir du for ivrig, kan det fort slå kontra: Dei unge vil i alle fall ikkje bli det pappa meiner dei bør bli. Eller endå verre: ungdommen startar på ei utdanning foreldra har valt for dei, som dei sjølv aldri trivst med.

Viss ungdommen kjem til deg og spør, om dei er opne for å få råd frå deg – då kan du gjerne bidra med råd og informasjon. Men fram til det, prøver eg å lukke munnen, krysse fingrane og tenke at det kan fort gå godt med desse ungdommane våre som vi sender ut i verda denne våren.

Lykke til med valet til både ungdommar og foreldre!