Tre kvinner og to menn står inne på eit bibliotek

Kva veit vi om forsking innanfor fag- og yrkesopplæringa – og kva må vi vite meir om?

Kva veit vi eigentleg om forsking på fag- og yrkesopplæring og kompetanseutvikling i arbeidslivet? Dette var spørsmålet då Senter for kunnskap om yrkesfag (SKY) inviterte til lunsjseminar i biblioteket i Lillestrøm.

Med innleiarar frå NIFU (Nordisk institutt for studier av
innovasjon, forskning og utdanning), Fafo, OsloMet og Nasjonalt senter for yrkesfag fekk deltakarane eit breitt bilde av forskingsstatus, kunnskapsbehov og utfordringar i feltet.

Frå forsking til politikk

Rønnaug Lyckander frå NIFU tok opp politikkrelevant forsking på fag- og yrkesopplæringa. Med utgangspunkt i erfaringar frå oppdragsforsking løfta ho fram tre sentrale spenningar: kven som bestemmer kva det blir forska på, kva tema som får merksemd, og kva betydning forskingsfunn faktisk får i politikkutforming og utviklingsarbeid. 

Eit viktig poeng i presentasjonen var at forsking ikkje berre handlar om å produsere kunnskap, men også om kva spørsmål som blir stilte, kven som får definere kunnskapsbehova, og kva stemmer som slepp til. Lyckander viste dermed korleis forsking på yrkesfag også må forståast i lys av styring, prioriteringar og bruk.

Arbeidslivet sitt perspektivet på yrkesfag

Torgeir Nyen frå Fafo følgde opp med eit arbeidslivsperspektiv på forsking om fag- og yrkesopplæring. Han peika på at fag- og yrkesopplæring kan analyserast frå ulike vinklar, men understreka særleg betydninga av å forstå korleis fag knyter utdanning og arbeidsliv saman. 

I presentasjonen løfta han fram spørsmål om korleis lærefag blir utvikla, korleis fagopplæringa fungerer i ulike delar av arbeidslivet, og korleis endringar i teknologi og kompetansebehov påverkar opplæringa. Nyen viste også til forskingsfunn som illustrerer at koplinga mellom fagopplæring og arbeidsliv varierer mellom ulike sektorar og yrkesområde, og at det framleis trengst meir samla og integrert kunnskap på feltet.

Eit praksisnært forskingsfelt

Halvor Spetalen frå OsloMet presenterte ein gjennomgang av forskingstema i fag- og yrkesopplæringa basert på 156 artiklar, notat og rapportar publisert i perioden 1. januar 2025 til 1. mars 2026. Oversikta viste at forskinga i feltet i stor grad er praksisnær. Det blir særleg forska på undervisning, yrkesdidaktikk og læringsformer, forholdet mellom skole og arbeidsliv, yrkesfaglærarar og profesjonsutvikling, digitalisering og kunstig intelligens, og dessutan inkludering og mangfald.

Spetalen peika samtidig på at materialet samla sett er meir orientert mot kvalifisering enn mot inkludering, men at desse dimensjonane ofte grip inn i kvarandre. Presentasjonen synleggjorde dermed både kva det blir forska mykje på, og korleis forskinga kan forståast i lys av ulike spor og prioriteringar i feltet.

Kunnskapsbehov og nye satsingar

Til slutt presenterte Gøril Groven frå Nasjonalt senter for yrkesfag kunnskapsbehov i fag- og yrkesopplæringa og gav eit innblikk i arbeidet ved det nye senteret. Ho viste til at forsking på yrkesfag framleis er underprioritert og i stor grad avhengig av oppdragsmidlar, noko som gjer langsiktig kompetansebygging vanskeleg. 

Groven løfta også fram innspel frå dei faglege råda, der tema som opplæring i bedrift, yrkesfagleg fordjuping, rekruttering og fråfall, fag- og sveineprøva, dimensjonering av tilbod og kompetanse for yrkesfaglærarar går igjen. Særleg peika ho på tre sentrale tema framover: dilemmaet mellom kvalitet og inkludering, dimensjonering etter behovet i arbeidslivet og den vaksne målgruppa i yrkesfaga.

Behov for meir samordna kunnskap

Seminaret gav samla sett eit breitt og nyansert bilde av eit forskingsfelt i utvikling. Innlegga viste at fag- og yrkesopplæringa må forståast både som utdanning, arbeidsliv og samfunnspolitikk. Dei viste også at det framleis trengst meir systematisk kunnskapsutvikling, sterkare forskingsinnsats og betre koplingar mellom forsking, praksis og politikkutforming. Ikkje minst fordi fag- og yrkesopplæring er underforska i forhold til andre utdanningsområde. 

For SKY blei seminaret eit viktig høve til å samle ulike perspektiv og løfte fram spørsmål som vil vere sentrale for utviklinga av forsking knytt til fag- og yrkesopplæringa i tida framover. 

På biletet (f.v.): Anna Hagen Tønder, Gøril Groven, Torgeir Nyen, Halvor Spetalen og Rønnaug Lyckander.

Publisert: 21.04.2026 | Halvor Spetalen | Foto: Eva Skals Johnskareng / OsloMet