Fire kvinner sit utandørs

Lanserer samisk forteljing på 30 språk

No kan samisk forteljartradisjon opplevast på mange ulike språk. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet og Nasjonalt senter for samisk i opplæringa ved Samisk høgskole har samarbeidd om å lage ein illustrert versjon av forteljinga Korleis myggen kom til Sápmi. Forteljinga blir tilgjengeleg på heile 30 språk.

Eit innblikk i samisk kultur og forteljartradisjon

Målet med samarbeidet er både at samiske barn får forteljinga på eige morsmål, og at fleire skal få høve til å bli kjente med den samiske forteljartradisjonen.  

– Dette samarbeidet handlar om både tilgang og anerkjenning. Når ei forteljing med samisk opphav blir tilgjengeleg på mange språk, gir vi fleire høve til å bli kjent med samisk kultur, samtidig som vi tar på alvor at alle lærer og opplever best på eit språk ein meistrar godt, seier Marit Lunde, senterleiar ved NAFO.

Karen Inga Eira, senterleiar for Nasjonalt senter for samisk i opplæringa, understrekar betydninga av å gjere samiske eventyr tilgjengeleg på fleire språk:  

– For oss er det viktig at det blir mogleg å lese samiske eventyr på fleire språk, og på den måten få innsikt i den samiske forteljartradisjonen. Forteljinga kan også gi innblikk i samisk livsverd og korleis alle har ein plass i verda.

Samarbeid mellom to nasjonale senter  

Nasjonalt senter for samisk i opplæringa arbeider vidt for å fremme munnleg og skriftleg bruk av samisk i befolkninga. NAFO skal bidra til at fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv blir varetatte i alle ledd i utdanningssystemet frå barnehage til høgskole- og universitetsnivå.

Sentera har saman utarbeidd ein gjendikta versjon av ei tradisjonell samisk forteljing som har opphav i munnleg forteljartradisjon. Gunnlaug Ballovarre ved Nasjonalt senter for samisk i opplæringa har laga illustrasjonane. Senter for samisk i opplæringa har omsett forteljinga til nord-, lule- og sørsamisk, mens NAFO har hatt ansvaret for omsetting til dei andre språka, og tilrettelegging for trykk og publisering på nett slik at ho er tilgjengeleg på rundt 30 språk.  

– Samarbeidet med Nasjonalt senter for samisk i opplæringa har vore avgjerande for å sikre at forteljinga formidlar samisk kultur på ein god og respektfull måte. Illustrasjonane løftar fram landskap, tradisjonar og stemningar som gir djupne og attkjenning, fortel Elise Wagner Finnanger frå NAFO, som har leidd prosjektet.  

NAFO har i mange år laga og publisert forteljingar med opphav i ulike forteljartradisjonar på mange språk på nettsida morsmal.no. Forteljingane er gratis tilgjengelege både digitalt med lyd og som utskriftsvennlege bøker. Det er også mogleg å bestille trykte forteljingar mot trykk- og fraktkostnader.

– Vi håpar at forteljinga kan gi barn, elevar og vaksne over heile landet moglegheit til å bli kjent med samisk kultur, uansett kva språk dei les på, seier Finnanger. 

Ei stor gruppe omsettarar  

Dette er første gong ei forteljing med samisk opphav blir omsett til så mange språk. Rundt 60 omsettarar har jobba med omsetting av forteljinga. Roseline Tuyishimire har omsett forteljinga til språket kinyarwanda.  

En kvinne står foran et rekkverk med et landskap i bakgrunnen.

Roseline Tuyishimire har omsett den samiske forteljinga til språket kinyarwanda. Foto: Privat

– Det har vore ei spennande og lærerik oppleving å få omsette ei forteljing med samisk opphav. Eg synest det har vore meiningsfullt å bidra til at forteljinga kan nå menneske som har eit anna morsmål. Når ein les på sitt eige morsmål, er det ofte lettare å forstå både innhaldet og bodskapet i forteljinga. For barn og elevar kan det gjere det enklare og meir interessant å lære om samisk kultur. Samtidig kan det skape respekt og forståing for at Noreg har ulike språk, kulturar og tradisjonar, fortel Tuyishimire. 

Lansering under samisk språkveke

Dei to sentera inviterer til lansering av den nye forteljinga i Kautokeino 22. oktober i samband med samisk språkveke, Giellavahkku. På lanseringa blir servert biđus og boblar, og det blir høve til å lære meir om samisk forteljartradisjon, lesing og formidling. Lanseringa er open for alle. Dersom du ønsker å vere med på lanseringa, kan du melde deg på her (nafo.oslomet.no). 

På biletet: Prosjektgruppa på besøk i den samiske barnehagen Cizáš på Tøyen i Oslo: Viktoria Holund, Elise Wagner Finnanger, Randi Juuso og Sara Ellen Johansdatter Eira Heahttá. 

Publisert: 24.09.2026 | Solveig Johnsen Di Candia | Foto: Kristian Moe