Et og tenk deg gjennom året med den ferske boka Tenk mat, som blir laga av matforskarane ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO saman med Museum Nord.
– Vi vil formidle ny kunnskap om norsk matkultur og berekraftig mat, seier matkulturforskar Virginie Amilien ved SIFO.
– Vi vil vise at forbruk og produksjon av lokal mat er ein levande del av ei berekraftig framtid. Korleis kan vi i framtida sikre ei berekraftig matforsyning? Lokal mat skal ikkje vere tilbakeskodande, men vil presenterast som ein langsiktig måte å tenke på, seier forskaren.
Tenk mat gjennom året
Innhaldet blir presentert som ein kalender gjennom året, ein månad av gongen, og foreløpig er det berre januar som er open. Januar månad har fått tittelen «Korleis er det å skaffe mat i Noreg i dag?»
– Dei ulike innlegga opnar opp for å smake på matvarer og matvanar på ein annleis måte, seier Amilien.
Kvar månad vil lesaren kunne oppdage nye tekster, nyte bilde, høyre nye stemmer, utforske oppskrifter, eksperimentere og reflektere.
Boka vender seg til alle som et og lagar mat, som kjøper mat, dyrkar på kjøkkenet eller i hagen, og alle som liker – eller ikkje liker – å snakke om mat. Kvar månad utforskar boka eit ukjent matlandskap gjennom eit nytt tema.
Velkommen til ein annan måte å tenke og ete mat på!
Boka er eit samarbeid mellom Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet og Museum Nord. Når året er omme vil nokre av artiklane samlast i ei open access bok som blir gitt ut av Fagbokforlaget.
Redaktørane vil gjerne ha tilbakemeldingar, og oppfordrar lesarane til å ta kontakt på adressa tenkmat@oslomet.no.
Få med deg alt innhaldet
Vi presenterer ulike delar av innhaldet fortløpande gjennom dei ulike kanalane våre.
- Nettsida Tenk mat (tenkmat.no)
- SIFO nyheitsbrev
- SIFO sin side på Facebook (facebook.com)
- Følg SIFOforsk på Instagram (instagram.com)
- Følg SIFO på LinkedIn (linkedin.com)