Lærer om Oslofjordens miljøutfordringar gjennom kunst og forsking

For andre gong inviterte OsloMet Makerspace elevar frå Dale Oen Academy til tverrfagleg workshop. På Oceanlab fekk ungdommane lære om tilstanden i Oslofjorden, utforske kunst og teknologi – og bygge ein skulptur som blei senka i sjøen.

– Dette er andre året på rad at Makerspace og ulike fagmiljø ved OsloMet har samarbeidd med Dale Oen Academy om ein workshop på Oceanlab, fortel Notto Windju Thelle, seksjonssjef ved OsloMet Makerspace.  

– I løpet av fire intensive dagar fekk ungdommane kunnskap om den pågåande økologiske kollapsen i Oslofjorden, om dei viktigaste drivkreftene bak denne utviklinga, kva slags forsking som blir gjord for å forstå kva det er som skjer - og kva tiltak som er i ferd med å bli sette i verk for å stanse og reversere dette, seier han.  

– Forskinga og utviklinga som blir gjord på Oceanlab er ein del av dette samansette bildet, understrekar seksjonssjefen.  

– Ungdommen fekk og lære om korleis kunst og sanselege erfaringar kan vere ein viktig måte å skape ny kunnskap og bevisstgjering rundt samfunnsaktuelle problem.  

Ungdommane iført dykkarutstyr på veg ut i vatnet.

Meistringskjensle 

– Dale Oen Academy er eit tilbod til ungdom mellom 15 og 20 år, som av ulike årsaker har behov for ein pause frå skole eller treng eit utviklande år som førebuing til arbeidslivet. Året er skreddarsydd for å gi ungdommane motivasjon og meistringskjensle gjennom ulike opplevingar, turar, byggeprosjekt og verkstader, fortel han  

– Kullet i fjor hjelpte til med å reparere ein øydelagd undervassdrone med rettleiing frå førsteamanuensis Artur Zolich ved Institutt for maskin, elektronikk og kjemi (MEK). Prosjektet blei realisert gjennom ei partnarskapsavtale med Oslo Havn, og den reparerte dronen blei vist fram under Oslo havnelangs. 

Elevane inne på Oceanlab framfor ein stor vasstank.

Kunstnarisk fokus 

– Samarbeidet i 2025 hadde eit meir kunstnarisk fokus, forklarer Windju Thelle. Programmet i år kombinerte kunst, miljøkunnskap og teknologisk skaparglede - frå 3D-utskriving og elektronikk til utforsking og fysisk bygging. 

Kunstnar Camilla Dahl (Oslofjord Triennale) har vore prosjektleiar for workshopen, med støtte frå universitetslektor Ingeborg Helle-Valle ved Institutt for estetiske fag. Førsteamanuensis Artur Zolich (MEK) har bidratt med innhald knytt til teknologi og miljø. Innovasjonsdistriktet Punkt Oslo ved Ida Laustsen, har vore ein samarbeidspartnar i planleggingsfasen og konseptutviklinga. 

Prosjektet er ein del av arrangementet Havnelangs og ønsker å belyse Oslofjordens økologiske utfordringar gjennom eit kunstnarisk blikk. 

Gruppa sit rundt eit bord og jobbar med skulpturen inne på Oceanlab.

Kunst som skaper bevisstheit om miljøproblem 

– I workshopen fekk ungdommane ein introduksjon til både problema i Oslofjorden og kunstnariske praksisar som opererer i og med vatn, fortel Camilla Dahl.   

– Vi diskuterte korleis samtidskunst kan vere ei form for økologisk tenking og sensibilisering, og let ungdommane utforske dette gjennom ulike kreative metodar.   

– Dei arbeidde med leire og materiale som reagerer ulikt i vatn, dei fekk dykke og snorkle for sjølv å erfare dei sanselege og biologiske mangfalda til fjorden, og dei brukte kunstig intelligens som verktøy for å visualisere idear til skulpturelle installasjonar.  

Stort engasjement 

Skulpturen blei til gjennom ein kollektiv prosess, der elevar, kunstnaren og fagpersonar frå Oceanlab samarbeidde tett.  

– Ungdommane viste stort engasjement og kreativitet gjennom heile prosessen. Dei tok eigarskap til prosjektet og kom med originale idear, særleg knytt til korleis ein kunne kombinere kunst, teknologi og miljøtematikk på nye måtar, forklarer prosjektleiaren. 

– For mange var det første gong dei deltok i eit kunstnarisk prosjekt av denne typen, og det blei ein augeopnar for korleis kunst kan vere både sanseleg, tverrfagleg og samfunnsengasjerande. Den praktiske tilnærminga, i kombinasjon med natur- og teknologiopplevingar, skapte ei djupare forståing og opplevd relevans. 

Skulpturen av torsken i vatnet.

Ein torsk på tre meter 

– Vi enda opp med å bygge ein stor torsk i hønsenetting og ståltråd, rundt tre meter lang. Skulpturen refererer til ein av Oslofjordens ikoniske, men trua arter, og fungerer som både symbol og fysisk intervensjon i fjordlandskapet.  

– Men det eigentlege kunstnariske verket er ikkje berre skulpturen i seg sjølv, men opplevinga av den under vatn - slik ho opptrer som eit spøkelsesaktig nærvær i undervassvideoane, seier Dahl.  

– Då vi filma fisken med drone under vatn, fekk skulpturen eit nytt og overraskande estetisk uttrykk. 

Blir vist på Oslo havnelangs 

Under Oslo havnelangs 7. september vil det audiovisuelle materialet, saman med prosessdokumentasjon og ei direktestrøyming frå skulpturen bli vist i ei utstilling. Og torsken vil henge nedsenka under ei brygge ved Filipstadkaia.  

 

Publisert: 19.06.2025 | Hilde M. Kringeland | Foto: Camilla Dahl