To modellar viser klededesign frå Filippinane

Lærerikt besøk frå Filippinane

Kledeforskarar kjem langvegs frå for å utveksle kunnskap med SIFO om korleis lokale klede kan vere berekraftig.

Nyleg fekk kledeforskarane ved SIFO eksotisk besøk. Ein delegasjon beståande av leiar og forskarar ved Philippine Textile Research Institute kom saman med visekonsulen ved den filippinske ambassaden i Noreg og Mayeth Codoy, ein filippinsk klesdesignar busett i Noreg.  

Biletet over viser design laga av Mayeth Codoy. Foto av Joe Urrutia.

Dei filippinske forskarane var interesserte i å lære meir om korleis SIFO jobbar med berekraftig kledeforbruk, og rosar Noreg og Norden med å ta leiarskap i kampen for berekraftig kledeforbruk og mote.

Ein rik lokal tekstiltradisjon

– Vi må seie at vi er stolte fordi arbeidet vårt med å inkorporere det lokale perspektivet i denne diskusjonen har vorte lagd merke til så langt heimanfrå, seier Ingun Grimstad Klepp, professor i klede og berekraft ved SIFO.

en gruppe mennesker som ser i kamera

SIFO-professor Ingun Grimstad Klepp og instituttdirektør Eivind Jacobsen (bak) tok i mot gjester frå Filippinane. Foto: Karina Wethal

Filippinane har ein rik tekstiltradisjon frå plantar som bambus, ananas, bananplanten og abacá – ein plante i bananslekta. Den lokale tekstilproduksjonen står i sterk kontrast til den kraftige importen av hurtigmote og internasjonal kledeproduksjon.

– Vi treng å lære meir om kva det «lokale» betyr i eit land med ikkje berre ei lengre kystlinje enn Noreg, men med over 100 millionar innbyggjarar. Og med forhold til fast fashion både som produsent, som mottakar av bruktklede – og som eit land som kjempar for bevaring og utvikling av eigne tradisjonar for klede, fiber og handverk, seier Klepp.

SIFO sin kledeforsking i front

«Eg er her av same grunn som de», slo Jo Cramer fast i innleiinga si om undervisninga ved Fakultet for teknologi, kunst og design – Institutt for estetiske fag, der ho jobbar. Ho kom hit til OsloMet frå Melbourne fordi ho, som dei filippinske gjestene våre, meinte SIFO sin kledeforsking er i front globalt på kunnskap om miljø. Gjestene var begeistra for vektlegginga hennar av klede og motes samfunnsmessige betydning som grunnlag for undervisninga.

– Vi håpar vi får kapasitet til å følgje opp dette svært interessante, men korte, besøket frå eit øyrike med dei vakraste transparente naturfibrane frå abacá, ananas, banan og bambus – og slett ikkje i form av viskose, som fast fashion-industrien stadig prøver å lure folk til å tru er det same, seier Klepp.

Les meir om besøket på nettsida til klesforsking (uni.oslomet.no)

Er du interessert i å lære meir om lokale klede? Følg gjerne prosjektet Amazing grazing – berekraftig kjøt og ull frå sau som beiter i norsk utmark.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 24.01.2024 | Kjersti Lassen