– Det er det gode møtet med boka som er viktig, seier Marit Lien, som er pedagogisk leiar i Frydenhaug SiO barnehage på Kringsjå i Oslo.
– Vi må også lese av omsyn til lesinga. Eg er opptatt av at litteratur får vere litteratur, ikkje berre eit verktøy, seier ho og understrekar at bøker har ein verdi langt utover språkstimulering og læring.
Vi har vore på besøk i Frydenhaug SiO barnehage på Kringsjå og snakka med styrarar i prosjektgruppa og ein engasjert pedagogisk leiar som har jobba i mange år med litteratur i barnehage. Der fekk vi innblikk i barnehagen sitt eige bibliotek og barnehagens populære utlånsstasjon.
For prosjektgruppa handlar satsinga først og fremst om éin ting: leseglede.
Partnarskapet med SiO-barnehagane er ein del av tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole som eigarar av barnehagar og skoler kan søke for å styrke kompetansen til heile eller delar av tilsettgruppa.
Bøker som skaper fellesskap, språk og leik
I barnehagane er høgtlesing allereie ein viktig del av kvardagen. Samtidig ønsker prosjektgruppa å utforske nye måtar å arbeide med litteratur på.
Marit fortel at gode leseopplevingar handlar om engasjementet og innlevinga til den vaksne.
– Når du les, må du formidle med innleving. Korleis du bruker stemma di betyr mykje. Lesing i små grupper og spontane lesestunder er også viktig, seier ho.
Både tilsette og leiarar ser at bøker ofte lever vidare etter at lesestunda er over. Historier og karakterar blir ein del av leiken, samtalene og fantasien til barna.
– Mange barn har ikkje dei same referanserammene heimanfrå. Barnehagen kan bli ein stad der vi skaper felles opplevingar og felles referansar, seier prosjektkoordinator og styrar i Klossen SiO barnehage, Ann Kristin Hovdhaugen.
Viktig å velje gode bøker
Eit gjennomgåande tema i kartlegginga blant tilsette i SiO barnehagane er behovet for kompetanse om litteraturval.
– Ei av utfordringane er å vite kva som er ei god barnebok, seier Ann Kristin.
Både ho, Marit og Lin Ingvill Holmen som er styrer i Almelia SiO barnehage, meiner tilsette treng støtte til å orientere seg i ein stor bokmarknad.
– Det er så mykje som blir gitt ut. Vi ønsker å styrke kompetansen på kva bøker som er gode og relevante for barna, seier Lin Ingvill.
Marit trekker fram betydninga av mangfald i litteraturen.
– Nokre bøker er veldig kommersielle og masseproduserte. Derfor er det viktig å lese variert og gi barna tilgang til eit breiare utval av bøker, seier ho.
Frydenhaug barnehage har eit eige bibliotek som blir brukt aktivt saman med barna.
Lesing på tvers av språk og kulturar
Barnehagane har barn og familiar med ulike språk og kulturelle bakgrunnar. Derfor er fleirspråkligheit ein viktig del av satsinga.
Lin Ingvill fortel om gode erfaringar med å bruke forteljingar på fleire språk.
– Vi har brukt NAFO sine forteljingar, og det har skapt stort engasjement hos både barn og foreldre. Historiene blir lesne på ulike morsmål.
Ho peikar også på at familiar kan ha ulike tradisjonar for historieforteljing.
– I nokre kulturar er munnleg forteljing ein sterk tradisjon. Det er viktig å anerkjenne og bygge vidare på dette.
Vil involvere foreldra meir
Prosjektgruppa ønsker at lesegleda ikkje skal stoppe ved barnehageporten.
– Å låne ut bøker er viktig. Leseglede smittar, seier Marit.
Ho opplever også at mange foreldre har blitt meir klar over betydninga av lesing og mindre skjermbruk. I Frydenhaug barnehage har ho ansvar for utlånsstasjonen som har blitt veldig populært blant barnefamiliane.
Ann Kristin ser samtidig store forskjellar mellom familiane.
– Nokre familiar har få bøker heime, og mange studentfamiliar bur trongt. Derfor kan barnehagen spele ei viktig rolle ved å gjere bøker tilgjengelege og skape interesse for lesing, fortset ho.
Blant tiltaka som blir diskuterte er minibibliotek, bokutlån og aktivitetar som involverer foreldre i prosjektet.
Ein bokkasse gjer at foreldra kan låne med seg bøker heim. Foto: Oana Pintilie
Langsiktig utviklingsarbeid
Prosjektet skal gå over tre år og involvere alle tilsette i SiO barnehagane.
– Vi ønsker å bruke tid på å forankre arbeidet og lytte til kva dei tilsette treng. Alle skal delta, og pedagogane skal få verktøy og støtte til å drive utviklingsarbeid på eiga avdeling, seier Ann Kristin.
Marit håpar satsinga også kan bidra til betre tilgang på litteratur.
– Vi treng gode bøker, og vi treng å prioritere dei. Samtidig må vi ikkje gjere det vanskelegare enn det er. Å opne ei bok og samle barna rundt ei forteljing kan gi utruleg mykje glede.
For prosjektgruppa er målet klart: å skape varig leseglede hos både barn og vaksne, og å la bøkene få ein endå større plass i barnehagekvardagen.
Eit prosjekt som også er viktig for OsloMet
Partnarskapet er ikkje berre verdifullt for barnehagane. Det er også viktig for OsloMet.
Fagteamet frå OsloMet, som består av Nina Gram Garmann, professor ved barnehagelærarutdanninga (BLU), Hilde Dybvik, førelektor ved BLU og Isabel Bourgeois, rådgivar ved Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har lang erfaring med samarbeid og kompetanseutvikling i barnehagar.
– Mange av SiO-barnehagane arbeider allereie godt med bøker og lesing. Eitt av måla med prosjektet er derfor å sette av tid til at barnehagane kan lære av kvarandre, fortel Nina, som er teamkoordinator.
Vidare ønsker fagteamet å bidra med kompetanse om barnelitteratur, leselyst og aktuelle barnebøker, fleirkulturell pedagogikk, og erfaring og konkrete råd om korleis barnehagar kan utvikle gode språk- og lesemiljø.
– Det er nyttig for oss som underviser og forskar på OsloMet å lære om kva problemstillingar barnehagepersonalet står overfor i det daglege og få ferske eksempel på godt arbeid med bøker og leselyst, seier Nina.
Ho fortel til at tett kontakt med barnehagane kan gi OsloMet betre innsikt i barns føresetnader for å lære å lese på skolen og bli glade i å lese litteratur for resten av livet.