Eit universitet betyr studentar. Studentar betyr ungdom. OsloMets framtidige lokalisering på Lillestrøm betyr nye, og fleire, moglegheiter for ungdom til å ta utdanning regionen har bruk for. Det gir også store rekrutteringsmoglegheiter for verksemder på Romerike.
OsloMet tar temperaturen på tematikken i frukostmøtet "Er dagens arbeidsliv og dagens ungdom klare for kvarandre?”
Lillestrømkonferansen- ein naturleg arena for OsloMet
Lillestrømkonferansen er ein årleg hending og møteplass, som samlar leiarar og avgjerdstakarar på Romerike. Konferansen blir arrangert for niande gong i år, med temaet «Romerike 2.0 – med millenials bak rattet».
OsloMet bringar perspektiva våre som universitet til konferansen.
Gjennom innlegg og paneldebatt blir det stilt spørsmål om generasjon Z er skjøre og vanskelege å leie, eller om det kanskje heller er sånn at dagens leiarar bør tilpasse seig- og vere tettare på ein generasjon som har behov for umiddelbare svar og tilbakemeldingar.
Frukostmøtet vil innehalde perspektiv frå forskarar, frå unge studentar og frå leiarar frå både offentleg og privat sektor. Komikar Marlene Stavrum vil dessutan komme med eit skråblikk undervegs.
– Ønsker å skape reelt samarbeid
For prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid ved OsloMet – Carl Thodesen – er både nærværet på konferansen- og konferansens tematikk av stor viktigheit for universitetet:
– OsloMet jobbar allereie tett med byen Lillestrøm, og med alle dei andre kommunane på Romerike, seier Thodesen.

Prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid, Carl Thodesen, ser fram til Lillestrømkonferansen. Foto: Tor Even Marthinsen
Thodesen er opptatt av at universitetet både kan, og skal, bidra med verdiar til regionen, utover utdanning av sterke kandidatar.
– Ambisjonen vår er å utdanne kandidatar til dei yrka regionen har behov for. Men vi ønsker også å skape reelle og relevante samarbeid som strekker seg utover utdanning og praksisplassar, i form av forsking, innovasjon og entreprenørskap. Frukostmøtet er sånn sett eit bidrag til ein viktig diskusjon om framtidas arbeidsliv i regionen, påpeikar Thodesen.
På veg til Lillestrøm sentrum
Det har lenge vore klart at OsloMet vil få eit større og tydelegare nærvær i Lillestrøm sentrum, gjennom etableringa av eigen campus i byen.
I oktober i fjor bestemte styret ved universitetet at denne campusen skal bli bygd opp rundt helse, organisasjon og teknologi.
– Vi har no eit unikt høve til å skape ein attraktiv campus i Lillestrøm sentrum, med både satsingar på fagleg kvalitet og eit godt lærings- og arbeidsmiljø, sa rektor ved OsloMet, Christen Krogh, i samband med styrevedtaket den gongen.
Frukostmøtet blir halde frå 08.00 til 09.30 torsdag 22. mai, i Stjernesalen i Lillestrøm Kultursenter. Arrangementet er ope for alle, ikkje berre for deltakarar på Lillestrømkonferansen, men krev påmelding.