English version

Han får OsloMets pris for Lovande forskar: – Eg har alltid ønska å hjelpe andre

Portrett av Bineeth Kuriakose

– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du da du fekk beskjeden?

– Takk! Eg kjende ei blanding av glede, stoltheit og takksemd. Det betyr mykje at universitetet ser verdien i forsking på reelle menneskelege utfordringar. Eg tenkte også på alle som har støtta meg sidan eg kom til Noreg – denne anerkjenninga er like mye deira som mi.

Bineeth Kuriakose forskar på menneskesentrert KI, altså KI som skal bidra til økt velferd og betre livskvalitet.

Ifølgje juryen ved OsloMet, viser han «metodologisk dybde, han er internasjonalt orientert og forskningen har sterk samfunnsrelevans (…). Han bygger bro mellom avansert teknologiutvikling og sentrale anvendelsesområder innen helse, utdanning og journalistikk».

– Fortel om det du jobbar med!

– Arbeidet mitt handlar om eitt hovudspørsmål, nemleg korleis KI faktisk kan hjelpe menneske. Akkurat no forskar eg på eg korleis KI kan støtte undersøkande journalistar, mellom anna ved å verifisere informasjon, spore datakjelder og avdekke mønster som elles kan være vanskelege å sjå. Doktorgraden min handla om eit KI-basert navigasjonssystem som skal hjelpe personar med synsnedsetjingar.

Kunstig intelligens bør utformast med menneske i sentrum, ikkje omvendt – Bineeth Kuriakose

– Kva ligg bak engasjementet ditt?

– Eg har alltid ønska at teknologi skal brukast til å hjelpe menneske. Det er viktig for meg at det eg gjer, har praktisk verdi og bidrar til samfunnet.

– Kven er du, sånn elles?

– Eg kjem frå delstaten Kerala heilt sør i India. Familien min er spreitt over fire kontinent, og to av søskena mine flytta før meg. Derfor lærte eg tidleg at det finst ulike måtar å leve på. Eg flytta sjølv til Oslo for å ta doktorgraden min, og eg kom hit ei februarnatt med mykje snø. Det var første gong eg såg snø, og eg hadde to store koffertar og to ryggsekkar. Eg hugsar at eg spurte meg sjølv om det var dette som skulle bli livet mitt.

– Kva skjedde?

– Eg prøvde raskt å tilpasse meg både klimaet og kulturen. Eg gjorde ein innsats for å snakke med folk på jobben og bygge relasjonar. Dei små samtalene hjelpte mykje. Etter kvart forsvann bekymringane. I dag har eg gode venner, støttande kollegaer og eg føler meg heime her.

– Kva er du mest stolt av?

– Eg er mest stolt av at mi eiga reise, der eg kom til Noreg åleine og bygde opp alt på nytt, har enda med forsking som verkeleg hjelper andre. Arbeidet mitt er forankra i menneskelege behov, ikkje teknologi for teknologiens skyld. Eg måtte vere uthaldande og viljesterk, og eg er takknemleg for at innsatsen har lønt seg.

– Kva råd vil du gje andre?

– Rådet mitt er spesielt til dei som kjem til Noreg frå land utanfor Europa, slik eg gjorde: 
Prøv å byggje både sosiale og profesjonelle nettverk. Bli kjent med menneske, ta del i aktivitetar og finn ein hobby – anten det er ski, turgåing, musikk eller dans. Og lær norsk tidleg! Eg skulle ønske at eg sjølv hadde brukt meir tid på det i starten.

– Kva vil du jobbe med framover?

– Eg ønskjer å halde fram med å byggje ei akademisk karriere og jobbe mot ei fast vitskapeleg stilling. Eg vil vidareutvikle forskinga mi på menneskesentrert KI og søkje ekstern finansiering for prosjekta eg har starta. Målet er å utvikle verktøy som gjer ein reell forskjell i menneske sitt liv, i samarbeid med sterke fagmiljø i Noreg og internasjonalt.

Publisert: 25.11.2025 | Silje Pileberg